Brannmyrklegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brannmyrklegg
Brannmyrklegg
Brannmyrklegg
Utbreiing
Utbreiinga av brannmyrklegg
Utbreiinga av brannmyrklegg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Snylterotfamilien Orobanchaceae
Slekt: Myrkleggslekta Pedicularis
Art: Brannmyrklegg P. flammea
Vitskapleg namn
Pedicularis flammea

Brannmyrklegg (Pedicularis flammea) er ein fleirårig, halvparasittisk urt i snylterotfamilien.

Planten er låg og blir berre kring 10 cm høg. Stilken er glatt og har smale parflikete blad. Ved basis av stengelen er det ein bladrosett. Blomen er tofarga. Overleppa er mørkeraud, medan resten av blomen er gul. Arten liknar på gullmyrklegg, men han har hårete stilk og annan farge på blomane. Utbreiinga overlappar heller ikkje.

Brannmyrklegg i Nordens flora

I Dei skandinaviske fjella er brannmyrklegg ein nordleg unisentrisk art. I Noreg finst han i Nordland og Troms, og utbreiinga strekker seg inn i Sverige og til Kilpisjärvi i Finland.

Arten har ei vestleg amfiatlantisk utbreiing, og hovuddelen av utbreiingsområdet er vest for Atlanterhavet. I det nordlege Canada finst brannmyrklegg over eit stort område, og planten veks òg på Grønland og Island.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]