Tim Renwick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tim Renwick
Tim-Renwick.jpg
Renwick med the Bucket Boys, på Cropredy Festival i 2007 Foto: Dave Laws
Verkeleg namn Timothy John Pearson Renwick
Fødd 7. august 1949
Cambridge i England
Instrument Gitar
Sjanger Alternativ rock
Aktive år 1960 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar Al Stewart, Pink Floyd, Mike and the Mechanics
Plateselskap Audio Network Plc
Nettstad www.timrenwick.com

Timothy John Pearson 'Tim' Renwick (fødd 7. august 1949) er ein engelsk gitarist. Han er blant anna kjent som medlem av Quiver (seinare Sutherland Brothers & Quiver) og for samarbeidet sitt med Pink Floyd og Elton John.

Renwick er ein av få musikarar som på 1980-talet både samarbeidde med dei gjenverande medlemmane David Gilmour, Nick Mason og Richard Wright samstundes som han spelte saman med bassist Roger Waters som forlét Pink Floyd i 1985. Renwick har òg spelt saman med mellom anna Al Stewart, Elton John, Procol Harum, David Bowie, Mike Oldfield, Gary Brooker og Eric Clapton.

Då Renwick samarbeidde med Elton John, skreiv dei to låten «Dreamboat» saman, som Elton John gav ut som b-side på singelen I'm Still Standing.

Renwick spelte gitar på dei to Pink Floyd-albuma A Momentary Lapse of Reason og The Division Bell, og dessutan spelte på turneane som følgde etter desse utgjevingane. Difor er han òg å høyre på Delicate Sound of Thunder og P•U•L•S•E. Då Gilmour, Mason og Wright vart gjenforent med Water sine under Live 8-konserten i 2005 spelte Renwick gitar og bassgitar med bandet.

Renwick har gjeve ut to soloalbum. Det første vart titulert med hans eige namn i 1980, medan han i 2007 utgav albumet Privateer. Han er blant anna kjent som medlem av Quiver (seinare Sutherland Brothers & Quiver) og for samarbeidet sitt med Pink Floyd og Elton John.

Renwick er ein av få musikarar som på 1980-talet både samarbeidde med dei gjenverande medlemmane David Gilmour, Nick Mason og Richard Wright samstundes som han spelte saman med bassist Roger Waters som forlét Pink Floyd i 1985. Renwick har òg spelt saman med mellom anna Al Stewart, Elton John, Procol Harum, David Bowie, Mike Oldfield, Gary Brooker og Eric Clapton.

Då Renwick samarbeidde med Elton John, skreiv dei to låten «Dreamboat» saman, som Elton John gav ut som b-side på singelen «I'm Still Standing».

Renwick spelte gitar på dei to Pink Floyd-albuma A Momentary Lapse of Reason og The Division Bell, og dessutan på turneane som følgde etter desse utgjevingane. Difor er han òg å høyre på Delicate Sound of Thunder og P•U•L•S•E. Då Gilmour, Mason og Wright vart gjenforeint med Waters under Live 8-konserten i 2005 spelte Renwick gitar og bassgitar med bandet.

Renwick har gjeve ut to soloalbum. Det første vart titulert med hans eige namn i 1980, medan han i 2007 utgav albumet Privateer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!