Call of Duty: Modern Warfare 3

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Call of Duty: Modern Warfare 3
Utviklar(ar) Infinity Ward
Utgjevar(ar) Activision
Serie Call of Duty
Sjanger Førstepersons skytespel
Spelmodus Einspelar, fleirspelar
Plattform(er) Microsoft Windows,
PlayStation 3, Xbox 360, Nintendo Wii, Nintendo DS
Utgjeving 8. november 2011
Medium Blu-ray, DVD
Stødde einingar Handkontroll, mus og tastatur
Aldersgrense PEGI: 18+
ESRB: M

Call of Duty: Modern Warfare 3 (forkorta til Call of Duty: MW3, eller berre MW3) er eit førstepersons skytespel i Modern Warfare-serien. Det vart lansert den 8. november 2011 i Europa og Nord-AmerikaMicrosoft Windows, Xbox 360, PlayStation 3 og Nintendo Wii, med ein eigen versjon for Nintendo DS utvikla av n-Space. Spelet er ein direkte oppfylgjar til Call of Duty: Modern Warfare 2 (2009), og er det åttande Call of Duty-spelet.

I løpet av november 2011 vart spelet gjeve ut i Australia, og i desember vart det gjeve ut ein japansk-dubba versjon i Japan. Innan 24 timar i sal, selde spelet 6,5 millionar eksemplar i USA og Storbritannia åleine og tente inn 400 millionar dollar, noko som gjer det til den største underhaldningslanseringa nokonsinne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]