Carl Gustav Rehnskiöld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Gustav Rehnskiöld (1651 - 1722)

Carl Gustav Rehnskiöld (skreiv sjølv namnet Rehnschiöldt) (16. august 165129. januar 1722) var ein svensk feltmarskalk og greve. Han var guvernør over Skåne frå 1698 til 1705, vart utnemnt til feltmarskalk i 1706 og vart kongeleg råd i 1719.

Han hadde kommandoen under det fatale slaget ved Poltava der han vart teke til fange av russiske soldatar, men vende i 1718 tilbake til Sverige, der han kom fram ved avsluttinga av omleiringa av Fredriksten festning og rekte å få nokre ord med Karl XII før Karl døydde.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Rehnskiöld vart fødd i Svensk Pommern og fekk etter tida ein særs godt utdanning, først ved skular i Pommern og Niedersachsen og seinare ved universitetet i Lund. Ved Lund studerte han særleg historie og latin, og blant hans lærekrefter var historikaren og filosofen Samuel von Pufendorf, som la merke til den flinke Rehnskiöld og gav han spesialundervisning.

Militær karriere[endre | endre wikiteksten]

Rehnskiöld gjekk i 1673 inn i Närke-Värmlands regimentet som fenrik, men alt året etter vart han forfremma som løytnant ved hesteregimentet til enkedronninga. Etter fleire forflyttingar, vart han 12. februar 1676 offiser ved den ettertrakta Livgarden. Under den skånske krigen kom han i kamp første gongen natta mellom 31. juli og 1. august 1676 og utmerka seg alt her og vart nemnt i den daglege rapporten til kongen. Karl XI utnemnde han då til kaptein ved Livgarden og i denne posisjonen deltok han i slaget ved Halmstad to veker seinare. Han utmerkte seg vidare i dei komande kamphandlingane under denne krigen, og vart 5. november 1677, i ein alder av berre 26 år, utnemnt til oberstløytnant. Dei to siste åra av den skånske krigen tenestegjorde han ved fronten i Bohuslän og deltok i hevinga av kringsetjinga av Bohus fästning der han heldt på å bli drepe av norske soldatar.

I perioden fram til utbrotet av den store nordiske krigen tenestegjorde han som generalstabsoffiser og vigde seg til militære studium. I 1689 vart han utnemnt til oberst og fekk kommandoen over eit godt tysk infanteriregiment i svensk teneste.

Då den store nordiske krigen braut ut, var han kongen sin næraste medarbeidar under det suksessfulle slaga ved Narva i 1700 og ved slaget ved Kliszów to år seinare. Sjølv heldt han kommandoen under sigeren i slaget ved Fraustadt i 1706, men måtte tole nederlaget i slaget ved Poltava i 1709. Etter dette sat han i russisk krigsfangenskap fram til 1718, men skal ha sona under gode tilhøve der han pleidde omgang med Peter den store.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]