Slaget ved Kliszów

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Kliszów
Del av den store nordiske krigen
Battle of Kliszow 1702.JPG
Dato 19. juli 1702
Stad Sør for Kielce i Polen
Resultat Avgjerande svensk siger[1]
Partar
Naval Ensign of Sweden.svg Sverige Flag of Saxony.svg Sachsen
Herb Rzeczypospolitej Obojga Narodow.svg Det polsk-litauiske samveldet
Kommandantar
Karl XII[2] August II den sterke[2]
Lubomirski[2]
Styrkar
8 000 infanteristar[2]
4 000 kavaleristar[2]
4 trepundskanonar[2]
7 500 saksiske infanteristar[2]
9 000 saksiske kavaleristar[2]
6 000 polske kavaleristar[2]
46 kanonar[2]

Slaget ved Kliszów fann stad den 19. juli 1702 nær Kliszów i Polen-Litauen under den store nordiske krigen.[3] Den polsk-saksiske armeen til August II den sterke var langt større enn svenskane og hadde ei fordelaktig forsvarsstilling, men vart slått av den svenske armeen som var halvparten så stor, kommandert av kong Karl XII.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

August den sterke, kurfyrste av Sachsen, konge av Polen og storhertug av Litauen, hadde i 1699 planlagt eit trevegs åtak på Det svenske imperiet i lag med Peter den store, tsaren av Russland og Fredrik IV av Danmark-Noreg.[4] Planen mislukkast då Fredrik vart tvungen ut av krigen i 1700.[5] Karl XII av Sverige slo same året den russiske armeen i slaget ved Narva.[6] Etter Narva, dreiv Karl XII styrkane til August den sterke ut av Svensk Livland og følgde etter han inn i Det polsk-litauiske samveldet.[7]

Ved Kliszów, sør for Kielce, slo den svenske og saksisk-polsk-litauiske armeen leir berre 8 km frå kvarandre. Leirane var skilde frå kvarande av ein stor skog og ei myr, med svenskane nord for skogen. Leiren til August den sterke var naturleg verna av ei smal myr på nordsida og den myrlendte dalen til elva Nida i aust. Kl. 0900 flytta Karl XII armeen sin gjennom skogen og kl. 1100 nådde han nord for den smale myra som sikra leiren til August. Armeen bestod av 8 000 infanteristar, 4 000 kavaleristar og fire kanonar. Resten av artilleriet stod stort sett fast i skogen. Armeen til August bestod av 7 500 saksiske infanteristar, 9 000 saksiske kavaleristar, 6 000 polske kavaleristar og 46 kanonar.[8]

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Den saksiske venstreflanken og senteret vart kommandert av Johann Matthias von der Schulenburg, høgreflanken (kavaleriet) vart kommandert av Jacob Heinrich von Flemming. Det polske kavaleriet på høgreflanken vart kommandert av Hieronim Augustyn Lubomirski.[2]

Strategien til Karl XII var å ta den saksisk-polske styrken ved å gå rundt dei og stille om styrkane sine på ny for å forsterke flankane sine. Eit svensk åtak på flanken til Lubomirski vart slått attende, og det same vart to motåtak frå det polske kavaleriet og eit saksisk åtak over myra.[2]

Etter at dei svenske styrkane hadde stått imot dei polske åtaka, trekte Lubomirski seg og den saksiske høgreflanken stod dermed uverna. Karl XII konsentrerte hovuddelen av styrken sin mot denne flanken og rykte inn i den saksiske leiren i løpet av ein halvtime, og dreiv dei gjenverande styrkane til August den sterke ut i dei kringliggande myrene..[2]

Under slaget vart svigerbror til Karl XII, hertug Fredrik IV av Holstein-Gottorp drepen av kanoneld. Om lag 300 svenskar fall, og det same gjorde 2000 saksarar. 1000 saksarar vart tekne som fangar.[2]

Svenskane prøvde å omringe saksarane ved å ta overgangen over Nida. General Schulenburg og infanterit hans, som nesten ikkje hadde delteke i kampen så langt, forsvarte no overgangen, slik at dei fleste saksarane klarte å kome seg over.

Følgjer[endre | endre wikiteksten]

Karl hadde vunne slaget, men handlinga til Schulenburg hadde redda den saksiske armeen frå å bukke under. Svenskane hadde teke det saksiske artilleriet, krigskassen og alt utstyret til kong August. Den 31. juli marsjerte Karl og armeen hans inn i Kraków. August trekte armeen sin tilbake til Sandomierz.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Frost (2000), s.273
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 Frost (2000), s.272
  3. Frost (2000), s.271
  4. Frost (2000), s.228
  5. Frost (2000) s.229
  6. Frost (2000), s.230
  7. Frost (2000), s.229ff, 263ff
  8. Frost (2000), s.271-272

Koordinatar: 50°37′0″N 20°31′33″E