Corby
|
Corby |
||
|---|---|---|
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land | ||
| Konstituerande land | ||
| Grevskap | Northamptonshire | |
| Distrikt | Corby | |
| Geografi | ||
| Flatevidd - By |
80,28 km² |
|
| Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
50 316 626,8 /km² |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | NN17-18 | |
| Telefon-retningsnummer | 01536 | |
| Nettstad: www.corby.gov.uk | ||
Corby er ein industriby og eit administrativt distrikt i Northamptonshire i England. Av dei omkring 53 500 innbyggjarane i distriktet bur rundt 50 000 i sjølve byen.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Det er funne gjenstandar frå mesolittisk og neolittisk tid i området rundt Corby. Dei første teikna på permanent busetjing blir langt datert seinare, til 700-talet då danar kom hit og grunnla Koris by. I Domesday Book (1086) er staden nemnt som Corbei.
I 1226 innvilga Henrik III retten til å halde marknader og to årlege festivalar. Elizabeth I innvilga i 1568 eit charter som gav mannlege innbyggjarar rett til å nekte å gjere teneste i den lokale militsen[1]. Ei lokal segn fortel at ho gjorde dette fordi ho under ei jakt i området fall av hesten, og vart redda av Corbybuarar. Ei anna forklaring er at det vart gjort som ein gunstbevisning til elskane hennar Christopher Hatton. Sidan 1862 har Corby Pole Fair vorte feira kvart tjuande år til minne om dette chartret.
[endre] Industrialisering
Det har vorte teke ut jernmalm i området sidan romersk tid, men dette utvikla seg ikkje til nokon stor industri før på 1800-talet. Då vart det med koma til jarnbana både meir lukrativt å hente ut malmen, og lettare og billegare å frakte han. Eit jernverk vart etablert innan 1910. I 1931 var Corby enno ein landsby med omkring 1500 innbyggjarar. Han byrja så å vekse raskt etter at det skotske firmaet Stewarts and Lloyds oppretta eit kombinert jernsmelteverk og stålverk. Då konstruksjonen byrja i 1934 strøymde arbeidarar til ikkje berre frå heile England, men òg frå det vestlege Skottland og Irland. Det første stålet vart produsert i oktober 1935, og i fleire tiår dominerte stålindustrien i byen. Innan 1939 hadde folketalet vakse til 12 000, og Corby vart rekna som den største landsbyen i England. På det tidspunktet vart det avgjort å opprette eit urbant distrikt, og dermed gje staden status som town
[endre] Andre verdskrig og etterkrigstida
Under andre verdskrig var det forventa at stålverka skulle bli eit mål for tyske bombefly, men berre nokre få bombar vart sloppe over byen, og ingen liv gjekk tapt[2]. Det einaste synlege sporet etter krigen er nokre kulehol på fasaden til det gamle postkontoret, som no er ein vinbar. Det er ikkje kjent korleis dette skjedde, men den mest populære lokale historia er at det var eit tysk bombefly som etter eit raid mot Coventry bestemde seg for å bruke opp det han hadde igjen av ammunisjon og skaut mot nokre ljos han såg i sentrumet til byen.
Stålverka gjorde ein stor innsats under krigen, blant anna ved å produsere stålrøyra som vart brukt til å forsyne allierte styrkar på kontinentet med drivstoff under Operasjon Pluto.
Innan 1950 hadde folketalet nådd 18 000. Det året vart Corby ein new town, og fekk ein ny periode med ekspansjon. Det vart laga eit vegnett tilpassa moderne biltrafikk, og byen fekk mange grøne lunger og skogområde.
[endre] Nedgangstid
I 1967 vart den britiske stålindustrien nasjonalisert, og stålverka i Corby vart dermed underlagt British Steel. Frå midten av 1970-årane førde selskapet, som gjekk med kraftig underskot, ein strategi som blant anna gjekk ut på å konsentrere industrien i fem område: Det sørlege Wales, South Yorkshire, Scunthorpe, Teeside og Skottland. Dette fortsette etter den konservative valsigeren i 1979, og i byrjinga av 1980-åra gjekk 11 000 arbeidsplassar tapt i Corby. Arbeidsløysa steig til meir enn 30%[3].
I 1983 kom nytt von, i form av planar om å byggje ein stor temapark kalla Wonder World. Dette skulle føre med seg omfattande utbygging over ein periode på eit tiår, og deretter gje mange arbeidsplassar både direkte og indirekte. Det vart etterkvart klårt at prosjektet ikkje kom til å bli realisert, og lokalt omtalte ein det som «Wonder World, Wonder When?». Området har sidan vorte selt, og per 2006 er det planar om å utvikle det som eit bustadområde.
Arbeidsløysa har gått ned og ligg på det nasjonale gjennomsnittet, men nedgangstida har sett spor og har ført til mykje bitterheit. Sidan 2003 har det vorte gjennomført program for å auke folkesetnaden, med eit langsiktig mål på 100 000 innbyggjarar. Dette er blant anna gjort ved å tiltrekkje fleire store selskap, som Argos som har lagt eit stort distribusjonssenter til byen.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Corby» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: