County Meath
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| County Meath Contae na Mí |
|
![]() |
|
| Statistikk | |
| Provins: | Leinster |
| Hovudby: | Navan |
| Bilnummer: | MG |
| Areal: | 2 342 km² |
| Folketal (2006): | 162 831 |
| Folketettleik: | 70 /km² |
| Nettside: www.meath.ie | |
County Meath (irsk Contae na Mí, «midten») er eit grevskap i Republikken Irland aust på Irland i provinsen Leinster. Det vert òg kalla The Royal County, men dette har aldri vore eit offisielt namn. Administrasjonsbyen er Navan, men enkelte offentlege kontor ligg òg i Trim, som er ein historisk viktig by.
County Meath grenser til Louth, Monaghan og Cavan i nord, Westmeath i vest, Kildare i sør og Dublin i aust. I tillegg har Meath kystlinje mot Irskesjøen.
I nyare tid har det vore ei forflytting av folkesetnaden i Meath, slik at dei nordlege og vestlege delane har opplevd utflytting, medan det i den austlege delen har kome mange innflyttarar, dei fleste frå Dublin.
Meath var opphavleg kjernen i ein eigen provins, Meath, men denne vart ein del av Leinster. Grevskapet omfatta heile Westmeath fram til 1543, då Westmeath vart eit eige grevskap.
I mellomalderen satt overkongen av Irland på Tara i Meath. Staden er derfor kulturelt viktig for irane. Ein anna viktig historisk stad er den 5000 år gamle gravstaden Newgrange, som er ein verdsarvstad.
Innhaldsliste |
[endre] Byar og landsbyar
[endre] Byar
[endre] Landsbyar
- Athboy
- Ballivor, Bellewstown, Bettystown
- Clonard, Clonee
- Duleek, Dunboyne, Dunderry, Drumconrath, Dunshaughlin
- Enfield
- Gormanston
- Julianstown, Kildalkey, Kilmessan
- Laytown, Longwood
- Mornington, Moynalty
- Nobber
- Oldcastle
- Rathmolyon, Ratoath, Robinstown
- Slane, Skryne, Summerhill
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen County Meath frå Engelsk Wikipedia .
|
|
||
|---|---|---|
|
Connacht: Galway | Leitrim | Mayo | Roscommon | Sligo |
||


