County Armagh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
County Armagh
Contae Ard Mhacha
Våpenet til County Armagh
Plasseringa til County Armagh på Irland
Statistikk
Provins: Ulster
Hovudby: Armagh
Areal: 1 254 km²
Folketal (est.): 141 000
Folketettleik: 112 /km²

County Armagh (irsk Contae Ard Mhacha) er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster. Grevskapet vert kalla «Irland sin frukthage» på grunn av den fruktbare jorda. Tradisjonelt administrasjonssete i grevskapet er Armagh.

County Armagh grensar til Down i aust og Tyrone i nord. I vest ligg Monaghan og i sør Louth, begge i Republikken Irland. Armagh grenser òg til Lough Neagh i nord.

Den sørlege delen av Armagh har sidan 1970-åra vore eit av dei mest militariserte områda i Vest-Europa. Årsaka til dette er at det i folkesetnaden er ein stor majoritet av nasjonalistar, slik at det har vore lett for væpna grupper å operere der. Denne delen av grevskapet har i pressen ofte vorte omtalt som Bandit country (Bandittlandet).

Etter reforma av lokalstyret i Nord-Irland har ikkje lenger grevskapet noko administrativ funksjon, og er erstatta av distrikt.

Byar og landsbyar i County Armagh[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]



Grevskap i Irland

Connacht: Galway | Leitrim | Mayo | Roscommon | Sligo
Munster: Clare | Cork | Kerry | Limerick | Tipperary | Waterford
Leinster: Carlow | Dublin | Kildare | Kilkenny | Laois | Longford | Louth | Meath | Offaly | Westmeath | Wexford | Wicklow
Ulster: Antrim * | Armagh * | Cavan | Donegal | Down * | Fermanagh * | Londonderry * | Monaghan | Tyrone *
* Grevskap i Nord-Irland (andre grevskap er i Republikken Irland)