County Londonderry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
County Londonderry
Contae Dhoire
Våpenet til County Londonderry
Plasseringa til County Londonderry på Irland
Statistikk
Provins: Ulster
Hovudby: Derry
Areal: 2 074 km²
Folketal (est.): 213 000
Folketettleik: 103 /km²

County Londonderry (irsk Contae Dhoire) er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster.

County Londonderry grensar til Tyrone i sør og Antrim i aust. I vest grensar grevskapet til County Donegal i Republikken Irland og i nord ligg Atlanterhavet. I søraust ligg Lough Neagh.

Den viktigaste byen, som tidlegare var administrasjonsby, er Derry eller Londonderry. Sidan 1973 har ikkje grevskapet hatt noko administrativ funksjon, og er i den samanheng erstatta av distrikt.

Namnet på byen og grevskapet var opphavleg Derry, men på grunn av Londonfirma si deltaking i busetnaden av Ulster fekk han nytt namn. Nordirske nasjonalistar held på det gamle namnet både på byen og grevskapet, og i Republikken Irland nyttast òg forma Derry i offisielle samanhenger.

Grevskapet er nyare enn dei andre på øya. Det vart oppretta seinare då Coleraine vart slått saman med delar av Antrim, Donegal og Tyrone. Årsaka til dette er at byen sine styresmakter ønska å få kontroll over omegnen, og pressa gjennom opprettinga av ein ny administrativ eining.

Byar og landsbyar i County Londonderry[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]



Grevskap i Irland

Connacht: Galway | Leitrim | Mayo | Roscommon | Sligo
Munster: Clare | Cork | Kerry | Limerick | Tipperary | Waterford
Leinster: Carlow | Dublin | Kildare | Kilkenny | Laois | Longford | Louth | Meath | Offaly | Westmeath | Wexford | Wicklow
Ulster: Antrim * | Armagh * | Cavan | Donegal | Down * | Fermanagh * | Londonderry * | Monaghan | Tyrone *
* Grevskap i Nord-Irland (andre grevskap er i Republikken Irland)