DS «Oster»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om dampskipet. For byen i Ukraina, sjå Oster i Ukraina. For elva i Ukraina, sjå Oster-elva.
DS «Oster»
DS Oster2003.jpg
D/S Oster legg til kai på Vågen i Bergen, 2005.
Foto: Harald Sætre
Karriere
Type: laste- og passasjerskip
Eigar: Nordhordland Veteranbåtlag (sidan 1996)
Rute: Osterfjorden - Bergen
Verft: Christianssands Mek. Værksted
Ferdigbygd: 1908
I teneste: 1908 - 1964 (som DS «Oster»)
1940 - 1945 (som «Mardner»)
1964 - 1996 (som MS «Vaka»)
1996 - ---- («Gamle Oster»/«Oster»)
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 167 brt tonn
Lengd: 106,1 fot m
Dekkbreidde: 21.7 fot m
Djupgang: 9,7 fot m
Passasjerar: 265

DS «Oster» er ein dampbåt som vart bygd 1908 ved Christianssands Mek. Værksted for Indre Nordhordlandske Dampskibsselskab. Han gjekk i fast rute mellom Osterfjorden og Bergen som kombinert passasjer- og lastebåt. I 1963 skreiv den bergenske døvepresten Ragnvald Hammer diktet «Dar kjem dampen» til ære for rutebåten. Ivar Medaas sette seinare melodi til dette diktet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ut av vinterisolasjon[endre | endre wikiteksten]

Det var Modalen kommune som i 1906 sendte ei oppmoding til styret i Indre Nordhordlandske Dampskibsselskab om å byggje ein ny rutebåt som kunne forsera isen som elles låg kommunen i vinterisolasjon. Styret i INDS gjorde året etter vedtak om å byggje ein båt med kraftig motor og eit sterkt skrog. Det var Christianssands Mek. Værksted som fekk i oppdrag å byggje båten ved byrjinga av 1908. Same året vart båten levert og han fekk namnet DS «Oster». Båtens eigenskapar som isbrytar innfridde alle forventningane som folk hadde. Den første kapteinen vart Tobias Andersen Hordvik, fødd 1867, som hadde hatt fartstid som kaptein ifrå han var 19 år.

Okkupasjonsåra[endre | endre wikiteksten]

Etter at Noreg kom med i den andre verdskrigen i 1940, vart DS «Oster» overtatt av tyskarane og omdøypt «Marder». Båten gjekk no i tysk patruljeteneste inntil freden kom i 1945.

MS «Vaka»[endre | endre wikiteksten]

okkupasjonen tok slutt fekk båten eit større vedlikehald etter krigslitasjen og noko manglande vedlikehald frå tysk side. DS «Oster» vart så atter ein gong sett inn i passasjertrafikk der han gjekk inntil 1964. Då vart båten seld og ombygd til reint transportfartøy. Dampkjelen vart bytta ut med oljemotor. Under namnet MS «Vaka» gjekk båten i frakt diverse stader på Sør- og Vestlandet.

Restaurering til opphavleg stand[endre | endre wikiteksten]

Etter 30 år som MS «Vaka» vart båten kjøpt av eldsjelar i Nordhordland Veteranbåtlag i 1996. Ein ville restaurere båten tilbake slik han var i opphavleg stand med dampdreven motor. Båten fekk først namnet «Gamle Oster», men fekk så det opphavlege namnet DS «Oster» i år 2000. Den noverande motoren er ein 300 hk dampmaskin frå 1927, bygd av Alexander Hall, Aberdeen.

Den 11. juni 2005 vart «MS Oster» høgtidleg ærklert ferdig restaurert ved ein seremoni i Bergen. Seremonien fann stad ved «Skur 11», same plassen som rutebåten tidlegare hadde lagt til kai ved.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]