Damo Suzuki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Damo Suzuki
Verkeleg namn Kenji Suzuki
Fødd 16. januar 1950 (64 år)
Instrument Gitar
Vokal
Sjanger Krautrock
Yrke Musikar
Tilknytte artistar Can

Kenji Suzuki, som regel kjend som Damo Suzuki (fødd 16. januar 1950) er ein japansk songar som er mest kjend som medlem av det tyske krautrockgruppa Can.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Som tenåring i 1960-åra reiste Suzuki rundt om i Europa, ofte som gatesongar.[1]

Malcolm Mooney slutta i Can, etter å ha spelt inn det første albumet deira, Monster Movie, trefte Holger Czukay og Jaki Liebezeit Suzuki medan han spelte på eit hjørne i München då dei to sat utanfor på ein gatekafé. Dei inviterte han med seg i gruppa, og han spelte med dei same kvelden.[2]

Suzuki var med Can frå 1970 til 1973 og song på dei mest anerkjende platene deira, som Tago Mago, Future Days og Ege Bamyasi. Den første songen Suzuki song inn med bandet var «Don't Turn the Light On, Leave Me Alone» frå Soundtracks[3] Tekstane hans var ofte improviserte og var ikkje alltid sunge i eit spesielt språk[2].

Suzuki vart medlem av Jehovahs vitner[2] då han gifta seg med den tyske kjærasten sin, som òg var Jehovas vitne. Han trekte seg då attende frå musikken i 1974.

Han kom attende til musikkverda i 1983 og leiar i dag det som er kjend som Damo Suzuki's Network der han turnerar og held improviserte konsertar med forskjellige lokale musikarar. Blant musikarane som har spelt med han på konsertane hans finn ein Michael Karoli og Jaki Liebezeit frå Can, Mani Neumeier frå Guru Guru, Dustin Donaldson frå I Am Spoonbender, Cul De Sac, Passierzettel, The Early Years, The Bees, Do Make Say Think, Broken Social Scene, Airiel, Acid Mothers Temple, The Holy Soul, Steve Dinsdale, The Sandells, Tay Zonday, the Omar Rodriguez-Lopez Quintet (som han spelte inn EPen Please Heat This Eventually med i 2007), The Skull Defekts, AIDS Wolf, Radio Messeacre International, Edmondo Ammendola og Dave Williams frå Augie March, Gordon J Watson & Simon Doling frå Terminal Cheesecake, Jonny Williams, Stephen McBean frå Black Mountain, Helena Espvall frå Espers, The Prestidigitators, Gary Jeff frå God, Calamalka, Karl Asa frå J>A>W>, Hamish Black, tynder, Neočekivana Sila Koja Se Iznenada Pojavljuje i Rešava Stvar, The Dream Machine All-Stars, AK/DK, Ann Shenton frå Add N to (X) og mange mange andre.

The Fall-albumet This Nation's Saving Grace frå 1985 finst songen «I Am Damo Suzuki».[4] Rockebandet The Mooney Suzuki har henta namnet sitt frå dei tidlegare Can-songarane Malcolm Mooney og Damo Suzuki.[5]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Can Soundtracks 1970
  • Can Tago Mago 1971
  • Can Ege Bamyasi 1972
  • Can Future Days 1973
  • Can Unlimited Edition 1976 (samleplate)
  • Dunkelziffer In The Night 1984
  • Dunkelziffer III 1986
  • Dunkelziffer Live 1985 1997
  • Damo Suzuki's Network Tokyo On Air West 30.04.97 1997
  • Damo Suzuki's Network Tokyo On Air West 02.05.97 1997
  • Damo Suzuki's Network Osaka Muse Hall 04.05.97 1997
  • Damo Suzuki Band V.E.R.N.I.S.S.A.G.E. 1998
  • Damo Suzuki Band P.R.O.M.I.S.E. (7CD Box) 1998
  • Damo Suzuki's Network Seattle 1999
  • Damo Suzuki's Network Odyssey 2000
  • Damo Suzuki's Network JPN ULTD Vol.1 2000
  • Damo Suzuki's Network Metaphysical Transfer 2001
  • Damo Suzuki's Network JPN ULTD Vol.2 2002
  • Cul De Sac / Damo Suzuki Abhayamudra 2004
  • Sixtoo - Chewing on Glass & Other Miracle Cures 2004
  • Damo Suzuki's Network Hollyaris 2005 (2CD)
  • Damo Suzuki's Network 3 Dead People After The Performance 2005
  • Damo Suzuki and Now The London Evening News 2006 (CD)
  • Damo Suzuki's network Tutti i colori del silenzio 2006 (CD)
  • Omar Rodriguez-Lopez & Damo Suzuki Please Heat This Eventually 2007
  • Safety Magic Voices 2007
  • Audioscope Music For A Good Home 2010 (CD)
  • Damo Suzuki & The Holy Soul Dead Man Has No 2nd Chance 2010 (CD)
  • Damo Suzuki & Cuzo Puedo Ver Tu Mente 2011(CD/LP)
  • Radio Messeacre International "Lost in Transit 4: DAMO" 2010 (CD)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. All Tomorrow's Parties
  2. 2,0 2,1 2,2 Holger Czukay's official site
  3. "'Don't Turn the Light on, Leave Me Alone' was Damo's first recording with CAN ever."[1]
  4. 3:AM Magazine interview
  5. Kludge Magazine interview

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]