Rosko Gee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rosko Gee er ein jamaicansk bassist som har spelt med det engelske bandet Traffic på albuma When the Eagle Flies (1974) og The Last Great Traffic Jam (2005), med supergruppa Go i lag med Stomu Yamashta, Steve Winwood, Michael Shrieve, Klaus Schulze og Al Di Meola, og med det tyske bandet Can, i lag med tidlegare perkusjonist i Traffic, Rebop Kwaku Baah, på albuma Saw Delight, Out of Reach og Can. Han turnerte med Can i 1977. Han song òg på nokre av songane til bandet i denne perioden.

I 1983 spelte han inn eit album med Zahara, ei gruppe med fleire kjende medlemmar, som Reebop Kwaku Baah (perkusjon), Paul Delph (klaverinstrument) og Bryson Graham (trommer).[1]

Sidan 1995 har han spelt i livebandet til Harald Schmidt i forskjellige fjernsynsshow på tysk fjernsyn.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Medverkande
  2. Internet Movie Database