Dance, Dance, Dance

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Dance, Dance, Dance»
Singel av The Beach Boys
frå albumet The Beach Boys Today!
B-side The Warmth of the Sun
Utgjeve 26. oktober 1964
Innspelt 9. oktober 1964
Sjanger Surferock
Lengd 1:59
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Brian Wilson, Carl Wilson, Mike Love
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi
«When I Grow Up (To Be a Man)»
(1964)
«Dance, Dance, Dance» «The Man with All the Toys»
(1964)

«Dance, Dance, Dance» er ein song skriven av Brian Wilson, Carl Wilson og Mike Love for det amerikanske popbandet The Beach Boys. Songen vart gjeven ut på albumet deira The Beach Boys Today! i 1965, samt på singel i 1964 med B-sida «The Warmth of the Sun». Singelen nådde åttandeplass i USA og 24. plass i Storbritannia.

Wilson Phillips spelte inn ei utgåve av songen for albumet deira California album. Ei anna utgåve av Beach Boys med forskjellig tekst finst som bonusspor på CD-utgåva av Today.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

I november 1969 selde far til Wilson-brørne, Murry Wilson, rettane til songane til bandet til Irving Almo for om lag $700 000.[1] I april 1992, like etter at Brian Wilson hadde vunne ei rettsak og fått rettane til songane sine attende, tapte han eit søksmål frå Mike Love, som hevda at han hadde vore med å skrive fleire av songane til Beach Boys og ikkje fått honorar for dette.[2] Ein av desse songane var «Dance, Dance, Dance». Songen var opphavleg berre tilskriven Brian og Carl Wilson, men Mike Love hevda at han hadde vore med å skrive teksten.

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Beach Boys Timeline - 1969
  2. Beach Boys Timeline - 1992