Dance into the Light

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dance into the Light
Studioalbum av Phil Collins
Utgjeve 22. oktober 1996
Innspelt 1994–1995
Sjanger Pop, rock
Lengd 1:00:33
Selskap Atlantic
Produsent Phil Collins, Hugh Padgham
Phil Collins-kronologi
Both Sides
(1993)
Dance into the Light ...Hits
(1998)
Singlar frå Dance into the Light
  1. «Dance into the Light»
    Utgjeve: 28. september 1996
  2. «It's in Your Eyes»
    Utgjeve: 2. desember 1996
  3. «You Ought to Know...»
    Utgjeve: januar 1997
  4. «No Matter Who»
    Utgjeve: 3. februar 1997
  5. «Wear My Hat»
    Utgjeve: 27. mai 1997
  6. «The Same Moon»
    Utgjeve: 20. oktober 1997
Platemeldingar
Meldingar
Kjelde Karakter
Allmusic 2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Entertainment Weekly C+[2]

Dance into the Light er det sjette soloalbumet til Phil Collins og kom ut i 1996. Det fekk fokus fordi det var det første albumet Collins gav ut som soloartist etter at han slutta i Genesis tidlegare på året.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter skuffande sal for det førre albumet, Both Sides, valte Phil Collins å lage det mest livlege albumet han hadde laga sidan No Jacket Required i 1985. Med untak av «Just Another Story», inneheld albumet mange livlege songar, som den Beatles-inspirerte «It's in Your Eyes», «Wear My Hat» og tittelsporet på albumet.

Collins nytta ikkje trommemaskin i det heile på albumet.

Albumet selde skuffande og trass i at det nådde 21. plassen på Billboard 200 i USA, vart det eit av albuma til Collins som selde dårlegast (berre slått av Testify i 2002). Dance into the Light selde til gullplate i USA med 850 000 eksemplar. Albumet vart det første for Collins som ikkje hadde singlar som nådde Topp 40 i USA og tittelsporet nådde berre 45. plass. Denne singelen nådde derimot Topp 10 i Storbritannia.

«Dance into the Light» var den einaste songen på albumet som vart gjeven ut på samleplata ...Hits.

Trass i skuffande albumsal var turneen etter albumet kom ut, «Trip into the Light World Tour», ein av dei mest vitja i USA det året.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Phil Collins, utanom der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «Dance into the Light»   4:23
2. «That's What You Said»   4:22
3. «Lorenzo»   5:52
4. «Just Another Story»   6:24
5. «Love Police»   4:08
6. «Wear My Hat»   4:33
7. «It's in Your Eyes»   3:01
8. «Oughta Know by Now»   5:27
9. «Take Me Down»   3:21
10. «The Same Moon»   4:13
11. «River So Wide»   4:55
12. «No Matter Who»   4:47
13. «The Times They Are a-Changin'» (Bob Dylan) 5:07

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dance into the Light». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r241390. Henta 13. februar 2013. 
  2. David Browne (1996-11-01). «Dance Into the Light Review». Entertainment Weekly. http://www.ew.com/ew/article/0,,294844,00.html. Henta 2012-06-09. 
  3. «Official Genesis Website». Genesis-music.com. http://www.genesis-music.com/Archivephase4i.htm. Henta 13. februar 2013.