Testify

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Testify
Studioalbum av Phil Collins
Utgjeve 12. november 2002
Innspelt 2000–2002 (Sveits og USA)
Sjanger Poprock
Lengd 57:16
Selskap Face Value / Atlantic
Produsent Rob Cavallo
Phil Collins-kronologi
Tarzan: An Original Walt Disney Records Soundtrack
(1999)
Testify Brother Bear: An Original Walt Disney Records Soundtrack
(2003)
Singlar frå Testify
  1. «Can't Stop Loving You»
    Utgjeve: 28. oktober 2002
  2. «Come with Me»
    Utgjeve: 2003
  3. «Wake Up Call»
    Utgjeve: 24. mars 2003
  4. «The Least You Can Do»
    Utgjeve: 14. juli 2003
  5. «You Touch My Heart»
    Utgjeve: 2005 (Promo for First Final Farewell Tour)

Testify er det sjuande studioalbumet og det siste med originale songar av den engelske musikaren Phil Collins.

Albumet nådde 30. plass på Billboard 200-lista i USA og var det andre studioalbumet til Collins der ingen av singlane frå albumet gjekk inn på Topp 40 i USA. Det vart òg det einaste albumet hans som ikkje nådde Topp 5 på albumlista i Storbritannia. Albumet gjorde det derimot godt elles i Europa.

Meat Loaf-albumet Couldn't Have Said It Better skulle opphavleg heite «Testify», men fekk nytt namn då albumet til Collins kom ut.

Sjølv om albumet ikkje gjorde det særskild bra, vart turneen etter albumet ein stors suksess.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Testify vart laga over ein toårsperiode heime hos Collins i Sveits og vart spelt inn i Frankrike og Los Angeles. Etter at Collins hadde laga Dance into the Light utan trommemaskin, brukte han no igjen dette instrumentet på Testify.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Platemeldingar
Samla karakterar
Kjelde Karakter
Metacritic 34/100 [2]
Meldingar
Kjelde Karakter
Allmusic 3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg link
Rolling Stone 3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [3][4]

Plata fekk generelt middels kritikk då det kom ut. Det nådde 30. plass på albumlista i USA den første veka. I Storbritannia nådde det 15. plass, men gjekk heilt til andreplass i Frankrike og vart det mestseljande albumet hans der sidan …But Seriously. I Australia nådde albumet berre 96. plass og i Noreg ein 14. plass.

Metacritic, som gjev ein normalisert karakter basert på meldingar frå ei rekkje kritikarar, fekk albumet berre 34 av 100, basert på sju meldingar. Dette gjorde albumet at albumet berre hadde tre album som hadde dårlegare score på nettsida.[2]

Den første singelen frå albumet, «Can't Stop Loving You», gjorde det godt på Adult Contemporary-lista i USA og vart ein del spelt på radio. Singelen nådde 76. plass på singellista i USA, men nådde toppen av Adult Contemporary-lista. Dei andre singlane, «Wake Up Call», «Come with Me» og «The Least You Can Do» gjorde det ikkje betre. Den siste singelen, «You Touch My Heart», kom ut i 2005.

Collins sa på den tida at det kom til å bli det siste studioalbumet hans, men han har sidan gjeve ut eit nytt album kalla Going Back, som er ei samling songar frå Motown og andre soulsongar. Det kom ut i september 2010.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Phil Collins, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «Wake Up Call»   5:15
2. «Come with Me»   4:34
3. «Testify»   6:31
4. «Don't Get Me Started»   4:41
5. «Swing Low»   5:08
6. «It's Not Too Late»   3:59
7. «This Love This Heart»   4:04
8. «Driving Me Crazy»   4:37
9. «The Least You Can Do» (tekst: Phil Collins, musikk: Daryl Stuermer) 4:21
10. «Can't Stop Loving You» (Billy Nicholls) 4:17
11. «Thru My Eyes»   5:07
12. «You Touch My Heart»   4:42
Japansk utgåve
# Tittel Lengd
13. «High Flying Angel»   4:44

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Phil Collins – alle instrument utanom der andre er nemnde
  • Daryl Stuermer – gitar (spor 9 og 10)
  • Tim Pierce – gitar (all spor)
  • Paul Bushnell – bassgitar (spor 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10)
  • Jamie Muhoberac – klaverinstrument (spor 9 og 10)
  • Eric Rigler – uilleann pipes (ein slags sekkepipe) (spor 9)
  • James Sangar – programmering (spor 1, 2, 3, 4, 5, 11)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]