Davik kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Davik er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Sogn og Fjordane fylke som blei oppretta som Davik formannskapsdistrikt i 1837.[1] Kommunen var identisk med Davik prestegjeld. Prestegjeldet var delt i Davik og Rugsund sokn, samt Ålfoten kapellsokn. Store deler av prestegjeldet/kommunen låg på nordsida av Nordfjorden, medan kommunesenteret låg på sørsida. Nordsida var mest folkerik, men alle soknekyrkjene låg på sørsida.

1. januar 1913 blei ein del av Davik, garden Metteneset med 3 innbyggjarar, overført til Gloppen kommune.

1. januar 1964 blei Husevågøy, Grindøy, Gangsøy, Risøy og området nord for Nordfjorden austover til Levdal i kommunen slått saman med Sør- og Nord-Vågsøy kommunar og delar av Selje til den nye Vågsøy kommune. Desse delane av Davik hadde 1 216 innbyggjarar.

1. januar 1965 blei området sør for Nordfjorden og øyområda (bortsett frå øyane som året før gjekk inn i Vågsøy), i tillegg til det meste av Bremanger, slått saman til den nye Bremanger kommune. Dei delane av Davik som gjekk inn i Bremanger hadde 1 567 innbyggjarar.

Frå same dato gjekk området nord for Nordfjorden austover frå og med Levdal i Davik slått saman med Eid kommune og delar av Hornindal kommune til den nye Eid kommune. Det var 654 innbyggjarar frå Davik som gjekk inn i denne nye kommunen.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Davik kommune frå 1890 til 1964:

1890[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1964
3170 3400 3380 3658 3627 3594 3489

Arkiv frå Davik[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Anders Gjerde, 2002. Grenseendringar i Sogn og Fjordane. Henta frå Kjelda nr 3, 2002. (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Davik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå