Davik kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°53′31″N 5°31′55″E

Davik kyrkje
Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Bjørgvin
Prosti:  Nordfjord
Fellesråd:  Bremanger
Sokn:  Davik
Innvigd:  6. juli 1886[1]
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Arkitekt:  Georg Andreas Bull[1]
Materiale:  Tre
Kyrkjerommet
Plassar:  500[1]

Davik kyrkje står i bygda Davik i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1886.[1]

Davik kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Davik kyrkje

Kyrkja vart sett opp etter teikningar laga av arkitekt Georg Andreas Bull og har sitjeplassar til 500 personar. Før det vart sett inn orgel på galleriet i 1933 var det plass til kring 700 personar i kyrkja, og ho er ei av dei største i fylket.[1]

Altartavla er frå 1885 og viser nattverden. Ho er laga av Anders Ohrem og Ole Marius Holmøe. Preikestolen er rikt utskoren og er frå 1600-talet.[1]

Davik kyrkje er soknekyrkje for Davik sokn i Nordfjord prosti. Området høyrde fram til 1740 til Eid prestegjeld. Då vart sokna Davik, Rugsund og Ålfoten skilde ut som eit eige prestegjeld som fekk namnet Davik.[2]

Det har vore kyrkje på Davik sidan mellomalderen. Ein finn Davik-kyrkja nemd fyrste gongen i kjeldene i 1306. Kyrkja som då stod var truleg ei stavkyrkje frå 1200-talet. Det neste kyrkjebygget vart reist i 1655 og var ei tømra langkyrkje. Denne vart i sin tur erstatta av ei krosskyrkje i 1750 [2] Krosskyrkja stod til etter at den noverande kyrkja stod ferdig i 1886, då vart ho riven. Grunnen til at kyrkja frå 1750 vart erstatta var at ho var vorten for lita.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]