De Havilland DH 104 Dove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
De Havilland DH-104 Dove
De Havilland DH 104 Dove, Shell Oil Company

De Havilland DH.104 Dove var eit britisk passasjerfly konstruert og bygt av De Havilland like etter andre verdskrigen, då fabrikken igjen kunne satsa på sivil flyproduksjon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Flyet var ein etterfølgjar til førkrigsmodellen Dragon Rapide, som var eit av dei mest vellukka passasjerflya til den britiske flyindustrien på 1930-talet. Medan dette hadde vore eit biplan, var Dove eit monoplan med eitt par venger. Det hadde to motorar. Dove flaug første gongen 25. september 1945.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Produksjonen av Dove og dei mange variantane av flyet omfatta 388 sivile Dove-fly. Dessutan blei det bygd militære variantar, Devon C.2 og Sea Devon, i høvesvis 127 og 13 eksemplar. Med plass til åtte passasjerar viste flyet seg snart å vera for lite for flytrafikken på 1950-talet, og De Havilland bygget ein større, men elles nær identisk maskin med fire motorar, De Havilland DH 114 Heron som kunne romma 15 passasjerar. Produksjonen opphøyrde på midten av 1960-talet. Det var då vorte bygd i 542 eksemplar.

Sivile kundar[endre | endre wikiteksten]

Flyet vart selt til 17 større og mindre flyselskap. Dei fleste eksisterer ikkje i dag.

Kjende selskap som har nytta Dove

Brukt av flyvåpen i[endre | endre wikiteksten]


Spesifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

De Havilland DH 104 Dove

Dimensjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Besetning: 2
  • Passasjerar: 8
  • Vengespenn: 17.37 m
  • Lengd: 11.96 m
  • Høgd: 4.75m
  • Vengeflate: 31.1 m²
  • Vekt, tom: 2 600 kg
  • Maksvekt: 4 000 kg
  • Motorar: 2x De Havilland Gipsy Queen 70 Mk 6-sylinder i rekkjemotorar, kvar på 380 bhp (283 kW).

Ytingar[endre | endre wikiteksten]

  • Toppfart: 325 km/t ved 2 400 m høgd
  • Stigingsevne: 4.7 m/s
  • Marsjhøgd: 6 100 m
  • Maks rekkjevidd: 1 720 km

Kjelder[endre | endre wikiteksten]