Dei karnatiske krigane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dei karnatiske krigane var ei rekkje militære konfliktar på 1700-talet mellom Storbritannia, Frankrike og Marathariket om kontroll over ei kyststripe aust i India frå Nellore (nord for Madras) og sørover til Tamilakam. På 1700-talet vart området underlagt Hyderabad i Mogulriket. Det var tre karnatiske krigar mellom 1744 og 1763.

Den første karnatiske krigen (1744-1748)[endre | endre wikiteksten]

Røtene til den første karnatiske krigen kan sporast tilbake til dødsfallet til Aurangzeb (1707). Fleire koloniar i Mughal gjorde opprør, mellom anna Karnat og Hyderabad. Karnat vart styrt av Nawab Dost Ali og då han døydde oppstod ein maktkamp mellom svigersonen Chanda Saheb og Anwar-ud-Din. Britane støtta Anwar-ud-Din for å fjerne Dupleix, guvernøren i Det franske Ostindiske kompaniet, og franskmennene frå Madras.

Dupleix prøvde å opprette ein fransk koloni i India og han rekrutterte indarar til offiserar. Britane og franskmennene gjekk til krig både som eit ledd i den austerrikske arvefølgjekrigen og over koloniane i Amerika. Sidan Mogulriket var i tilbakegang i India var det òg eit godt høve til å opprette indisk handel.

Etter at britane første kapra eit par franske skip, fekk franskmennene støtte frå så langt borte frå som Mauritius og den 21. september 1746 erobra dei Madras, som britane då hadde. Av krigsfangane var Robert Clive.

Då den austerrikske arvefølgjekrigen enda i Europa, enda òg den første karnatiske krigen. Med Aix-La-Chapelle-traktaten (1748) vart Madras gjeve tilbake til britane i byte for den franske festninga Louisbourg i Nord-Amerika, som britane hadde teke.

Den andre karnatiske krigen (1748-1754)[endre | endre wikiteksten]

Etter at Nizam av Hyderabad døydde braut det ut ein borgarkrig om å overta trona mellom Nasir Jung og Muzaffar Jung, respektive svigerson og barnebarn til Nizam-ul-Mulk. I tillegg konspirerte Chanda Sahib mot Nawab Anwar-ud-Din i Karnat. Dupleix tok Chanda Sahib og Muzaffar Jung si side for å føre dei til makta i sine respektive statar. Britane blanda seg derimot raskt inn for å fjerne Frankrike sin påverknad i området, gav dei støtte til Nasir Jang og Mohammad Ali (son til Nawab Anwaruddin). Dette førte til at den andre karnatiske krigen braut ut.

Krigen enda med Pondicherry-traktaten, signert i 1754. Mohammad Ali vart anerkjend som nawab av Karnat.

Dupleix vart bede om å reise tilbake til Frankrike og døydde i fattigdom. Direktørane av Det franske Ostindiske kompaniet var misnøgd med jobben Dupleix hadde gjort, som hadde ført til store økonomiske tap. I 1754 vart Dupleix erstatta med Godheu.

Den tredje karnatiske krigen (1756-1763)[endre | endre wikiteksten]

sjuårskrigen braut ut i Europa tok striden mellom franske og britiske styrkar i India seg opp att. Den tredje karnatiske krigen spreidde seg ut av Sør-India og inn i Bengal, der britiske styrkar hadde erobra den franske busetnaden Chandernagore (i dag Chandannagar) i 1757. Krigen vart avgjort i sør då den britiske kommandanten Sir Eyre Coote slo franskmennene under Comte de Lally i det avgjerande slaget ved Wandiwash i 1760. Etter Wandiwash fall den franske hovudstaden Pondicherry til britane i 1761. Krigen enda med Paristraktaten, der Frankrike fekk tilbake Chandernagore og Pondicherry. Franskmennene fekk lov til å ha handelsstasjonar i India, men franske kjøpmenn fekk ikkje administrere dei. Franskmennene godtok kravet om å støtte britiske klientstyre og enda med det dei franske planane om eit indisk rike. Britane vart då den dominerande makta i India.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]