Den sicilianske aftansongen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Den sicilianske aftansongen» (1846), av Francesco Hayez

Den sicilianske aftansongen eller Den sicilianske vesperen er namnet på eit opprør på Sicilia i 1282 mot styret til Angevin-kongen Karl I av Napoli, som hadde tatt kontroll over øya med støtte frå paven i 1266. Dette markerte byrjinga på den sicilianske aftansong-krigen.

Opphavet til opprøret var ein strid mellom det Hohenstaufen-styrte tysk-romerske riket og Kyrkjestaten om kontroll over Italia. Då Manfred av Sicilia frå Hohenstaufen vart slått i 1266 vart Kongedømet Sicilia overlate til Karl av Anjou av pave Urban IV.

Karl såg på områda sine på Sicilia som eit springbrett til å ta fleire område i Middelhavet, mellom anna å styrte Mikael VIII Palaeologus av Austromarriket. Dei franske funksjonærane hans (som styrte Sicilia ille) mishandla innbyggjarane med valdtekt, plyndring og drap.

To hendingar har vorte nemnd som den direkte årsaka til opprøret, og kanskje var begge medverkande. Den eine er weltpolitiken til Mikael Palaeologus og den aragonesiske kongen Peter III, Manfred sin svigerson, som gav næring til opprøret og det andre var det upopulære styret til Karl. Den siste teorien var mest populær under Risorgimento då han vart lagt fram av patrioten Michele Amari.

«Den sicilianske aftansongen» (1846), av Francesco Hayez

Opprøret fekk dette namnet fordi det starta under aftansongen andre påskedag (30. mars 1282) ved Den heilage ande-kyrkja like utanfor Palermo. Tusenvis av franskmenn på Sicilia vart massakrert dei neste seks vekene. Kva som starta sjølve opprøret er ein ikkje sikker på, men ein del element i dei forskjellige sogene har nokre fellestrekk.

I følgje sogene skal sicilianarane ha feira påsken ved kyrkja då ei gruppe franske leiarar kom for å delta på festen. Ein sersjant kalla Drouet drog ei ung, gift kvinne frå folkemengda og plag ho med framstøta sine. Mannen hennar gjekk så til åtak på Drouet med ein kniv og tok livet av han. Då dei andre franskmennene prøvde å ta ektemannen kasta sicilianarane seg over dei og tok livet av alle saman. I same augneblink skal kyrkjene i Palermo ha byrja å ringe inn til aftensongen. I følgje Leonardo Bruni (1416) skal franskmennene ha kome til festen for å sjekke våpna til sicilianarane og med dette påskotet befølte dei kvinnene på brysta. Dette førte så til eit opprør der alle franskmennene vart myrda. Nyhenda spreidde seg til dei andre byane og førte til eit opprør rundt heile Sicilia.

Kong Peter III av Aragon utnytta situasjonen og invaderte øya og vart Peter I av Sicilia. Karl heldt på kontrollen over områda sine på fastlandet, som vart Kongedømet Napoli. Arvingane hans heldt på kongedømet fram til Peter sine arvingar tok områda i 1442.

I 1855 skreiv Giuseppe Verdi ein opera som tok for seg emnet, I Vespri Siciliani.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]