Andre påskedag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
No ber dei bod kring alle land |
Andre påskedag er ein heilagdag som fell på mandagen etter påskedagen.
I kyrkja vert det preika over evangelietekstar som fortel om at bodskapen om Jesu oppstode byrja å spreie seg blant folket. I første tekstrekka i Den norske kyrkja er preiteksten henta frå evangeliet etter Lukas, og handlar om Emmausvandrarane, i andre tekstrekka er preiketeksten frå evangeliet etter Johannes, og handlar om at Jesus etter oppstoda syner seg for Maria Magdalena. Påska er ei kyrkjeleg festtid, med kvit som liturgisk farge.
I Noreg er andre påskedag òg avslutninga på påskeferien, slik at dagen blant mange vert forbunden med overfylte tog og bilkøar på vegane.
|
|
||
|---|---|---|
| Den stille veka | Lasaruslaurdag · Palmesundag · Heilage måndag · Heilage tysdag · Heilage onsdag · Skjærtorsdag · Langfredag · Påskeaftan · Påskedag | |
| Påsketida | Andre påskedag · Tredje påskedag · 1. sundag etter påske · 2. sundag etter påske · 3. sundag etter påske · 4. sundag etter påske · 5. sundag etter påske · 6. sundag etter påske · Kristi himmelferdsdag | |
| Påskeforteljingar | Jesus Kristus · Lidingssoga · Den siste nattverden · Golgata · Krossfestinga · Jesu sju ord på krossen · Påskevake · Myrraberarane | |
| Kristne tradisjonar | Artos · Judasbrenning · Krossprosesjon · Krossvegsandakt · Påskeformelen · Påskekorg · Påskelys · Påskeprosesjon · Påskesalmar | |
| Andre tradisjonar | Påskeegg · Påskehare · Påskehatt · Påskekort · Påskepynt · Eggdans · Eggkakking · Eggrulling · Langfredagsfjære · Skjæltorsdag | |