Den utilgjengelege polen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over avstanden til den næraste kystlinja (inkludert øyer, men ikkje innsjøar) med raude prikkar som markerer dei utilgjengelege polane til dei største landmassane, i tillegg til Storbritannia og Den iberiske halvøya. Avstanden mellom dei tynne linjene er 250 kilometer og dei tjukke linjene 1000 kilometer.

Den utilgjengelege polen er det geografiske punktet som ligg lenger unna kysten enn noko anna stad på det omkringliggande kontinentet eller havet. Omgrepet er ein geografisk konstruksjon, ikkje eit eigenleg fysisk fenomen, og er av interesse først og fremst for eventyrarar.

Den nordlege utilgjengelege polen[endre | endre wikiteksten]

Den nordlege utilgjengelege polen

Den nordlege utilgjengelege polen (84°03′N 174°51′W) i pakkisen i Nordishavet er det punktet som ligg lengst unna dei omkringliggande landmassane. Det ligg 661 kilometer unna Nordpolen, 1453 km nord for Barrow i Alaska og like langt frå Ellesmereøya som Frans Josefs land, 1094 km. Det vart første nådd av Hubert Wilkins i 1927 med fly, medan ein sovjetisk isbrytar nådde punktet i 1958. Wally Herbert var det første mennesket som tok seg til den nordlege utilgjengelege polen over isen, då han nådde fram med hundesledar i 1968.

Fordi isen er i konstant rørsle, kan ikkje punktet markerast med ein permanent struktur.

Den sørlege utilgjengelege polen[endre | endre wikiteksten]

Den sørlege utilgjengelege polen
Den sovjetiske forskingsstasjonen ved den sørlege utilgjengelege polen i 2007

Den sørlege utilgjengelege polen er det punktet på det antarktiske kontinentet som ligg lengst unna Sørishavet. Ei rekkje ulike koordinatar har vorte gjeve for dette punktet. Usemja botnar hovudsakleg i ulike måtar å definere og måle kystlinja. Den sørlege utilgjengelege polen refererer vanlegvis til punktet der Sovjetunionen etablerte ein forskingsstasjon i 1958, med koordinatar 82°06′S 54°58′E[1] (nokre kjelder gjev koordinatane 83°06′S 54°58′E[2]). Dette er 878 km frå Sørpolen og 3718 moh. Ved bruk av andre kriteria lokaliserer Scott Polar Research Institute den sørlege utilgjengelege polen ved 85°50′S 65°47′E,[3] medan British Antarctic Survey har rekna seg fram til 83°50′S 65°43′E.[1]

Den sørlege utilgjengelege polen er langt meir avsidesliggande og vanskelegare å nå enn den geografiske sørpolen. Den 14. desember 1958 etablerte ein sovjetisk ekspedisjon ein provisorisk forskingsstasjon ved 82°06′S 54°58′E i samband med IGY. Ei annan sovjetisk gruppe vitja staden i 1967. Framleis står ein bygning att på staden, markert med ei byste av Vladimir Lenin med andletet vendt mot Moskva. Staden er oppført på lista over historiske stader og kulturminne i Antarktis, og er verna gjennom Antarktistraktaten.

Den utilgjengelege polen til havs[endre | endre wikiteksten]

Den utilgjengelege polen til havs ved 48° 52′ 36"S 123° 23′ 36"V

Den utilgjengelege polen til havs (48°52.6′S 123°23.6′W) er det punktet i havet som ligg lengst unna land. Dette ligg i det sørlege Stillehavet, 2688 kilometer frå næraste land: Ducie Island i Pitcairnøyane i nord, Motu Nui ved Påskeøya i nordaust og Maher Island nær Siple Island utanfor Marie Byrd Land i Antarktis i sør. Chatham Island ligg lenger vest og sørlege Chile ligg i aust. Punktet vert òg kalla «Point Nemo», etter Jules Verne sin kaptein Nemo.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Pole of Inaccessibility», Norwegian-U.S. Scientific Traverse of East Antarctica Norsk Polarinstitutt, vitja 25. oktober 2012
  2. Historic Sites & Monuments in Antarctica, International Polar Heritage Committee
  3. Polar Information Sheets, Scott Polar Research Institute, vitja 25. oktober 2012
  4. Hrvoje Lukatela, Point Nemo (or, One Thousand and Four Hundred Miles from Anywhere)