Kiribati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Republic of Kiribati

(norsk: Kiribati, kiribatisk)

Det kiribatiske flagget Det kiribatiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Teirake Kaini Kiribati»
Motto Te Mauri, Te Raoi ao Te Tabomoa (helse, fred og rikdom)
Geografisk plassering av Kiribati
Offisielle språk Engelsk og kiribatisk
Hovudstad Sør-Tarawa
Styresett
Republikk
Anote Tong
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
811 km² (174.)
0%
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (2001)
 – Tettleik
 
101 998 (185.)
91 985
125,8 /km² (60.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
12. juli 1979
Nasjonaldag 12. juli (sjølvstendedag)
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
620 mill. USD (189.)
6 200 USD (111.)
Valuta Australsk dollar
Tidssone UTC +12-14
Telefonkode +686
Toppnivådomene .ki


Kiribati, offisielt Republikken Kiribati, er ein republikk sett saman av 32 atoll og ei vulkanøy fordelt på 3.500.000 km² hav nær ekvator. Øystaten ligg tvers over datolinja midt i Stillehavet, sør for Marshalløyane og Hawaii og nord for Tuvalu, Samoa, Cookøyane og Fransk Polynesia. Dei fleste av øyane ligg i Mikronesia medan nokre høyrer til Polynesia.

Namnet på landet blir uttala /kiribas/ og er ein kiribatisk uttale av det engelske namnet Gilberts, som tidlegare vart brukt om den viktigaste øygruppa.

Kiribati kan delast inn i tre hovudøygrupper og ei isolert vulkanøy vest for Banaba. Kvar av dei 21 bebudde øyane har eit lokalstyre som står for dagleg drift. Hovudøya Tarawa har tre styre: Betio, Nord-Tarawa og Sør-Tarawa, som er hovudstad i landet.

Historie [endre]

I 2000 år budde ei mikronesisk folkegruppe som snakka det same oseanske språket på øygruppa. Dei kom i kontakt med europearar i 1788, då den britiske kapteinen Thomas Gilbert segla gjennom øygruppa.

I 1892 blei Gilbert-øyane eit britisk protektorat saman med Ellice-øyane i nærleiken. Dei blei ein koloni i 1916 og fekk endeleg sjølvstende i 1971.

Ellice-øyane braut så ut som den sjølvstendige staten Tuvalu i 1978, og Kiribati følgde med sjølvstende den 12. juli 1979.

Kiribati og andre øystatar rundt.

Klima [endre]

Banaba, Line Islands og Phoenix Islands har eit maritimt ekvatorialklima, medan resten av øyane har eit tropisk, maritimt klima. Regntida er frå mars til oktober, og årsnedbøren varierer frå omkring 750 mm på Phoenix Islands, til over 3000 mm på dei nordlegaste Gilbert Islands. Det er ikkje uvanleg med tørkeperiodar. Temperaturane ligg på 27-29 °C året gjennom og endrar seg lite frå månad til månad og gjennom døgnet.

Kjelder [endre]