Vrangeløya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Vrangeløya

Vrangeløya (russisk остров Врангеля, ostrov Vrangelja) er ei øy i Nordishavet, mellom Tsjuktsjarhavet og Aust-Sibir-havet i Russland. Vrangeløya ligg på begge sider av 180°-meridianen, men den internasjonale datolinja er flytta austover for å unngå øya og Tsjutsjihalvøya på det russiske fastlandet. Det næraste landområde til Vrangeløya er den vesle, steinete Heraldøya som ligg 60 km lenger aust.[1]

Vrangeløya er om lag 125 km brei og har eit areal på 7600 km². Ho består av kystsletter i sør med ei breidd på opp mot 15 km, eit sentralt belte med låge fjell og ei nordleg kystslette som er opp mot 25 km brei. Tsentralnyjefjella, som går frå aust til vest på øya, er opp mot 40 km breie og 145 km lange frå kyst til kyst. Fjelltoppane her ligg omkring 500 meter over havet, men den høgaste toppen på øya er Sovjetskaja med ei høgd på 1096 meter over havet.

Vrangeløya vert administrert av Tsjukotka autonome okrug. Den berglendte øya har ein vêrstasjon og to permanente tsjuktsjiske fiskevêr på sørsida av øya (Usjakovskoje og Starry).[1]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Vrangeløya består av folda, forkasta og forvandla vulkanske, intrusive og sedimentære bergartar med alder som varierer frå øvre prekambrium til nedre mesozoikum. Dei prekambriske bergartane er om lag 2 km tjukke og består av serisittisk og klorittisk skifer og leirskifer frå øvre proterozoikum. Desse inneheld mindre mengder av metavulkanske bergartar, metakonglomerat og kvartsitt. Mellom desse finn ein intrusjon av metamorf gabbro, grønstein, felsiske steinårer og lagergangar og granitt. Over det prekambriske laget er det eit opp mot 2,25 km tjukt lag frå øvre silur til nedre koltid som består av innlagra lag av sandstein, skifer, argillitt, noko konglomerat og ein sjeldan gong kalkstein og dolomitt. Desse lag ligg under eit opp til 2,15 km tjukt lag frå koltida til permtida med kalkstein, som ofte stort sett består av krinoideplater med innlagra lag av skifer, argillitt og lokalt noko breksje, sandstein og chert. Det øvst laget er 700 m til 1,5 km tjukt og består av leiraktig kvartsisk turbiditt frå trias med innlagra lag av svartskifer og siltstein.[1]

Tynne lag med grus, sand, leire og gjørme frå kenozoikum ligg under kystslettene på Vrangeløya. Leire og grus frå sein neogen, som berre er eit par titals meter tjukt, ligg opp eroderte overflater av folda og forkasta lag som utgjer Vrangeløya. Herda gjørme og grus frå pliocen, som berre er nokre få meter tjukt, ligg over sediment frå sein neogen. Sandete sediment frå kvartærtida finn ein langs elvar.[1]

Dyre- og planteliv[endre | endre wikiteksten]

Arktisk tundra på Vrangeløya

Vrangeløya er ynglestad for isbjørn, sel og lemen. Om sommaren vert øya vitja av mange forskjellige fugleartar.

Under den siste istida levde mammutar på Vrangeløya. Ein har vist at mammutar overlevde på Vrangeløya fram til 1700 f.Kr., som er den nyaste mammutbestanden ein kjenner til. På grunn av avgrensa tilgang på mat var desse langt mindre enn vanlege mammutar.[2]

Det finst 417 planteartar på øya, dobbelt så mange som andre arktiske tundraområde av same storleik, og meir enn andre øyar i Arktis. Dette er årsaka til at øya vart innført på UNESCO si verdsarvliste i 2004.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vrangeløya har eit hardt arktisk klima. Regionen er omgjeven av tørre, kalde, arktiske luftmassar det meste av året. Varmare og fuktigare luft kan stundom nå øya frå søraust om sommaren, og stundom tørr og oppvarma lufta frå Sibir.

Vintrane er lange med vedvarande kulde og kraftig nordleg vind. I denne perioden held temperaturen seg som regel under frysepunktet i fleire månader. I februar og mars er det ofte snøstormar med vind på over 140 km/t (39 m/s) eller kraftigare.

Dei korte somrane er kjølige, men relativt milde samanlikna med resten av året og midnattssola held som regel temperaturen over 0 °C. Noko frost og snøfall kan ein få om sommaren òg, og tåke er eit vanleg fenomen på denne tida. Indre område har som regel varmare og tørrare vêr om sommaren på grunn av fønvindeffekten.

Den gjennomsnittlege relative fukta er om lag 82%.

Historie[endre | endre wikiteksten]

MODIS-bilete av Vrangeløya frå 2001.

Førhistorie[endre | endre wikiteksten]

Ein fann spor etter førhistoriske busetnader i 1975 ved Tsjertov Ovrag.[3] Det vart funne forskjellige stein- og elfenbeinverktøy, inkludert ein harpun med mothaker. Karbondatering har vist at menneske levde på øya om lag samstundes med dei siste mamuttane, omkring 1700 f.Kr., men ein har ikkje funne direkte bevis for mammutjakt.

Ei segn hos tsjuktsjarane i Sibir fortel om ein høvding som flykta med folket sitt over isen til eit land lenger nord.[4] Sjølv om historia er ei myte er det ikkje utenkeleg at noko slikt kan ha skjedd sidan ein kan følgje spora etter reinsdyr over isen til Vrangeløya og fordi det er funne spydspissar av skifer som er laga på anna vis enn tsjuktsjarane gjorde.

Nyare oppdaging[endre | endre wikiteksten]

I 1764 hevda den kosakkiske sersjanten Andrejev å ha sett ei øya han kalla «Tikegen land» og fann spor etter innbyggjarar der, krahajane. Øya er kalla opp etter baron Ferdinand von Wrangel (1797–1870), som etter å ha høyrt rapporten til Andrejev og tsjukstjarane si soge om ei øy lenger nord, sette han ut for å finne øya, men han fann ho ikkje.[5]

Britiske og amerikanske ekspedisjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1849 gjekk Henry Kellett, kaptein på HMS «Herald» i land på og gav namn til Heraldøya. Frå her meinte han at han kunne sjå ei anna øy lenger vest. Frå den tid vart denne øy a indikert som «Kellett Land» på britiske sjøkart.

I august 1867 segla Thomas Long, ein amerikansk kvalfangar, nær øya og kalla ho Wrangelløya[sic] til minne om mannen som brukte tre år på å prøve å finne ho.

George W. DeLong, kommandør på USS «Jeanette», leia ein ekspedisjon i 1879 som prøvde å nå Nordpolen, og tenkte å gå på austsida av «Kellettøya», som han meinte strekte seg langt inn i Arktis. Skipet hans vart fanga i pakkisen og dreiv austover til Vrangeløya var i sikte før skipet vart knust av isen og sokk. Første dokumenterte landgang på Vrangeløya fann stad 12. august 1881 då ein ekspedisjon frå USRC «Corwin» gjekk i land og gjorde krav på øya for USA.[6] Ekspedisjonen, som var leia av Calvin L. Hooper, søkte etter «Jeannette» og to sakna kvalfangarar i tillegg til å utføre ein generell utforsking. Her var naturalisten John Muir, som gav ut den første skildringa av Vrangeløya.

Den arktiske hydrografiske ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

I 1911 gjekk mannskap frå den russiske arktiske hydrografiske ekspedisjonen med isbrytarane «Vajgatsj» og «Tajmyr» under Boris Vilkitskij i land på øya.[7]

Stefansson-ekspedisjonane[endre | endre wikiteksten]

I 1914 var overlevande frå den mislukka kanadiske polekspedisjonen leia av Vilhjalmur Stefansson stranda på Vrangeløya i ni månader etter at skipet deira, «Karluk», vart knust av isen.[8]. Dei overlevande vart redda av den motoriserte amerikanske fiskeskonnerten «King & Winge»[9] etter at kaptein Robert Bartlett gjekk over Tsjuktsjarhavet til Sibir etter hjelp.

I 1921 var Vrangeløya åstad for enno ein tragedie då Stefansson sende fem nybyggjarar (ein kanadier, tre amerikanarar og ein inuitt) dit i eit spekulativt forsøk på gjere krav på øya for Canada[10]. Ekspedisjonsmedlemmene vart handplukka av Stefansson sidan han ønskte folk med mykje kunnskap innan geografi og vitskap. Den første gruppa bestod av Allan Crawford frå Canada og Fred Maurer, Lorne Knight og Milton Galle frå USA. I 1923 vart den einaste overlevande frå ekspedisjonen, inuken Ada Blackjack redda av eit skip som etterlet ei anna gruppe på 13 (amerikanaren Charles Wells og 12 inuittar). I 1924 fjerna Sovjetunionen denne gruppa og oppretta ein eigen busetnad som framleis eksisterer.

Sovjetunionen[endre | endre wikiteksten]

I 1926 gjekk eit lag med sovjetiske utforskarar i land på øya med forsyningar for tre år. Dette året var det isfritt hav heilt til Vrangeløya, men dei neste åra var tilkomsten til øya med skip blokkert av tjukk is. Ein klarte ikkje å nå Vrangeløya og ein frykta at laget ikkje ville klare å overleve ein fjerde vinter.

I 1929 vart isbrytaren «Fjodor Litke» vald ut for redningsoperasjonen. Ho segla frå Sebastopol med kaptein Konstantin Dublitskij og nådde Vladivostok 4. juli 1929. Her vart alle sjømennene frå Svartehavet byta ut med eit lokalt mannskap. Ti dag seinare segla «Litke» nordover og baserte Beringsundet utan problem. Frå her prøvde dei å passere De Long-sundet og nå øya frå sør. 8. august rapporterte eit rekognoseringsfly at det var tjukk is i sundet og «Litke» segla så nordover mot Heraldøya. Skipet hamna i isen og stod fast. 12. august valde kaptein å skru av motorane for å spare kol og måtte vente to veker for at isen skulle lette litt. «Litke» kom seg fram eit par hundre meter til dagen og nådde busetnaden på Vrangeløya 28. august. 5. september vendte «Litke» heimover igjen med alle «øybuarane» i live. Skipet og mannskapet fekk heidersteikn for gjerninga.

I 1930-åra var Vrangeløya åstad for ein bisarr historie då ho kom inn under det stadig meir tyranniske styret til den utpeikte guvernøren, Konstantin Sementsjuk. Han kontrollerte dei lokale innbyggjarane og sitt eige personale gjennom utpressing og mord. Han forbaud dei lokale eskimoane å jakte på kvalross, noko som gjorde at dei svalt, medan han sjølv tok maten deira. Han var så involvert i dei mystiske drapa på nokre av motstandarane hans, mellom anna den lokale legen. Han vart til slutt stilt for retten i Moskva i juni 1936 og dømd til døden for «bandittvesen» og brot på sovjetisk lov.[11]

Under og etter den andre verdskrigen vart mange tyske Schutzstaffel-folk (SS), krigsfangar og gjenverande av Andrej Vlasov sin russiske frigjeringshær sendt til Vrangeløya der dei døydde[treng kjelde] Ein fange som seinare emigrerte til Israel, Efim Mosjinskij, hevdar å ha sett Raoul Wallenberg der i 1962.[12]

Enkelte amerikanarar meiner at USA har krav på åtte arktiske øyar i dag kontrollert av Russland, mellom anna Vrangeløya[13]. Amerikanske styresmakter har derimot ikkje gjort krav på desse øyane[14].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Kosko, M.K., M.P. Cecile, J.C. Harrison, V.G. Ganelin, N.V., Khandosjko og B.G. Lopatin, 1993, Geology of Wrangel Island, Between Chukchi and East Siberian Seas, Northeastern Russia. Bulletin 461, Geological Survey of Canada, Ottawa Ontario, s.101.
  2. S.L. Vartanjan, Garutt, V. E.; Sher, A. V. (1993) «Holocene dwarf mammoths from Wrangel Island in the Siberian Arctic» – Nature, bind 362, s. 337-349.
  3. N.N. Dikov (1988) «The Earlies Sea Mammal Hunters of Wrangel Island» – Arctic Anthropology, bind 25, nr. 1, s. 80–93.
  4. Rink, Signe (1905) «A Comparative Study of Two Indian og Eskimo Legends» – Proceedings of the International Congress of Americanists, s. 280.
  5. Von Wrangel, Ferdinand Petrovich, 1840, Narrative of an expedition to the polar sea, in 1820, 1821, 1822 & 1823, redigert av Major Edward Sabine. James Madden and Company, London, Storbritanna. s. 465..
  6. Muir, John, 1917, The Cruise of the Corwin: Journal of the Arctic Expedition of 1881 in search of De Long og the Jeannette. Norman S. Berg, Dunwoody, Georgia.
  7. Store sovjetiske leksikon, Вайгач
  8. Niven, Jennifer, The Ice Master, The Doomed 1913 Voyage of the Karluk. Hyperion Books, New York, New York. s. 431.
  9. Newell, Gordon R., 1966, H.W. McCurdy Maritime History of the Pacific Northwest, Superior Publishing,havetttle, Washington, s. 242.
  10. Niven, Jennifer, 2003, Ada Blackjack: A True Story Of Survival In The Arctic. Hyperion Books, New York, New York. s. 431
  11. Anonym, 1936, Crazy Governor. Time Magazine, vol. XXVI, no. 22 (1. juni, 1936).
  12. Bernheim, R.O., 2003, Chronology. Raoul Wallenberg Committee of the United States, New York, New York.
  13. Giveaway of 8 American Alaskan Islands 
and Vast Resource-Rich seabeds to Russisks. State Department Watch, Washington, D.C.
  14. *Bureau of European og Eurasian Affairs, 2003, Status of Wrangel and Other Arctic Islands. U.S. Department of State, Washington, D.C.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 71°14′N 179°25′W