Donausletta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Donausletta i Slovakia (i grått)

Donausletta (slovakisk Podunajská rovina, tysk Donauebene) er den sørvestlege, flatare delane av Donaulåglandet i Slovakia.

Ho grensar til Donauåsane og strekkjer seg om lag langs linja BratislavaSenecSereďNové ZámkyPatince.

Ho har oppstått av greinene til Donau (Vesle Donau og andre) og av dei sørlege elvane Váh, Nitra og Žitava. Sletta består av store mengder grus frå Donau og andre elvar i området. Denne grusen er dekt med løss og andre særs rike jordsmonn.

Donau dannar her eit unikt kontinentalt deltasystem av meanderar og gamle elvefar. Området mellom ein av desse greinene, Vesle Donau, og Donau heiter Žitný ostrov, den største elveøya i Europa. Žitný ostrov er eit myrlendt område med mange naturlege og kunstige innsjøar. Dreneringa av området vart bevisst endra då Gabčíkovo-demninga vart bygd i Donau. Žitný ostrov har vore eit verna område sidan 1978.

Området har mange lysningar i skogen, vatn og myrplanter og dyreliv. Det finst eit stor underjordisk vassreservoar, og dei på Žitný ostrov er av dei største i Sentral-Europa. Varme kjelder finst i Komárno, Štúrovo og Patince.

Området har det varmaste og tørraste klimaet i Slovakia. Dette og den frodige jorda gjer området til eit ideelt jordbruksområde. Kveite, sukker, raudbete, sukkermais, grønsaker og tobakk vert dyrka her. Dyrking av frukt og vindruer er òg viktig.

Dei viktigaste byane i området er den slovakiske hovudstaden Bratislava (Donausletta startar nedanfor Bratislava slott sentralt i Bratislava), Galanta, Sereď, Dunajská Streda, Komárno og Nové Zámky.

Det finst mange små verneområde på Donausletta, som Ostov Kopáš i Bratislava eller Vlčianske mŕtve rameno, Čičovské mŕtve rameno. Verna myrområde som det unike Šúrområdet i Svätý Jur. Zlatná na Ostrove er habitat for stortrapper.

Området vert òg nytta som rekreasjonsområde om sommaren med innsjøar som Zlaté piesky i Bratislava og Slnečné jazerá i Senec, eller dei varme kjeldene i Dunajská Streda, Veľký Meder og Diakovce.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 48°00′N 17°45′E