Down on the Corner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Down on the Corner
Singel av Creedence Clearwater Revival
frå albumet Willy and the Poor Boys
B-side Fortunate Son
Utgjeve September 1969
Innspelt 1969
Sjanger Roots-rock
Lengd 2:47
Selskap Fantasy
Låtskrivar(ar) John Fogerty
Produsent John Fogerty
Creedence Clearwater Revival-kronologi
«Green River»
(1969)
Down on the Corner «Fortunate Son»
(1969)

«Down on the Corner» er ein song av det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival. Han vart gjeven ut på det fjerde studioalbumet deira, Willy and the Poor Boys (1969). Songen omhandlar soga om eit oppdikta band, Willy and the Poor Boys, og om korleis dei speler på gatehjørner for å muntre folk opp og tene nokre slantar. Songen nådde tredjeplassen på Hot 100 i USA den 20. desember 1969. B-sida «Fortunate Son» gjekk opp til 14. plass i USA den 22. november 1969, veka før Billboard gjekk bort frå å ta med begge sider av ein singel på lista.[1]

Songen refererer til baljebass (gut bass) i linja «Blinky thumps the gut bass and solos for a while».[2] I ei framføring i 1969 på The Ed Sullivan Show spelte bandet songen som Willy and the Poor Boys. Stu Cook spelte då baljebass.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I andre medium[endre | endre wikiteksten]

  • Songen er spelbar i videospelet Rock Band.
  • Musikken vart nytta i ein reklame for Walgreens.
  • Opningsmelodien vert nytta i opninga av The Rechids.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (1990). The Billboard Hot 100 Charts: The Sixties (25 October 1969 through 27 December 1969). Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research, Inc.. ISBN 0-89820-074-1. 
  2. «Lyrics for 'Down on the Corner'». Metrolyrics. http://www.metrolyrics.com/down-on-the-corner-lyrics-creedence-clearwater-revival.html. Henta 17. august 2013.