Both Sides Now

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om albumet. For songen med same namn, sjå Both Sides, Now.
Both Sides Now
Studioalbum av Joni Mitchell
Utgjeve 8. februar 2000
Innspelt Air Studios, Hampstead i London 1999
Sjanger Vokaljazz, sentimentale kjærleikssongar
Lengd 51:29
Selskap Reprise
Produsent Joni Mitchell, Larry Klein
Kritikk
Joni Mitchell-kronologi
Taming the Tiger
(1998)
Both Sides Now Travelogue
(2002)

Both Sides Now er eit konseptalbum av Joni Mitchell frå 2000. 

Det går gjennom eit moderne kjærleiksforhold gjennom Mitchell sine orkesterutgåver av klassiske jazzsongar. To av Mitchell sine eigne songar er òg med på albumet, «A Case of You» (1971) og «Both Sides, Now» (1969). Orkesteret vart arrangert og dirigert av Vince Mendoza.

I teksten til plateomslaget skildrar medprodusent Larry Klein albumet som ein «program-suite som dokumenterer eit forhold frå den første flørten gjennom optimistisk fullbyrding, overgangen til desillusjon, ironisk fortviling, og til slutt oppløysing i den filosofiske oversikta av erkjenning og sannsynet for at syklusen gjentek seg sjølv»

På konsertturneen som følgde albumet, spelte Mitchell songane i same rekkefølgje, men opna med ein overture, «Nuages», den første satsen frå Nocturnes, ein orkestersuite komponert av den franske komponisten Claude Debussy. «Nuages» er eit fransk ord for «skyer». Musikken gjev ei romantisk stemning, men suiten kan òg reknast som eit smart ordspel, sidan «Clouds» (skyer) òg er namnet på albumet som songen «Both Sides, Now» opphavleg kom ut på.

Både albumet og tittelsongen vert spelt i filmen Love Actually (2003).  

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «You're My Thrill» (Sidney Clare, Jay Gorney) 03:52
2. «At Last» (Mack Gordon, Harry Warren) 04:28
3. «Comes Love» (Lew Brown, Sam H. Stept, Charles Tobias) 04:29
4. «You've Changed» (Bill Carey, Carl Fischer) 05:00
5. «Answer Me, My Love» (Fred Rauch, Carl Sigman, Gerhard Winkler) 03:23
6. «A Case of You» (Joni Mitchell) 05:52
7. «Don't Go to Strangers» (Redd Evans, Arthur Kent, David Mann) 04:10
8. «Sometimes I'm Happy» (Irving Caesar, Clifford Grey, Vincent Youmans) 03:58
9. «Don't Worry 'Bout Me» (Rube Bloom, Ted Koehler) 03:49
10. «Stormy Weather» (Harold Arlen, Ted Koehler) 03:07
11. «I Wish I Were i Love Again» (Lorenz Hart, Richard Rodgers) 03:36
12. «Both Sides, Now» (Joni Mitchell) 05:45

 

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

        
  • Joni Mitchell — vokal        
  • Mark Ishamtrompet, solo
  • John Anderson — obo       
  • Julie Andrews — fagott     
  • Nick Bucknall — klarinett   
  • Stan Sulzmann — klarinett, fløyte          
  • Philip Todd — klarinett, fløyte og altfløyte             
  • Jamie Talbot — klarinett, fløyte, altfløyte og altsaksofon           
  • Andrew Findon — fløyte         
  • Dave Arch — piano              
  • Vaughan Armon — fiolin   
  • Kate Wilkinson — bratsj
    

 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]