Engsyre
| Matsyre | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Eudicotyledonae | |
| Orden: | Caryophyllales | |
| Familie: | Polygonaceae | |
| Slekt: | Rumex | |
| Art: | R. acetosa | |
| Vitskapleg namn | ||
| Rumex acetosa | ||
Matsyre er ei fleirårig urt i syrefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta vert kring 4 dm høg, og har blad som er to-tre gonger så lange som breie, oftast to-tre cm breie. Slirehinna oppflisa etter heile kanten. Open fruktstand. Ytre blomsterblad til slutt bøygde oppmed fruktskaftet. Blomstrar kring mai månad i eng og bakkar, vanleg gjennom heile Noreg. Denne arten er svært formrik. Fleire av formene har vore skilt ut som eigne artar. Til fjells veks underarten lapponicus. Denne har blad med hjarteforma grunn, oftast ikkje meir enn dobbelt så lange som breie, ofte om lag runde. Slirehinna berre litt flisa i toppen. På serpentinberg frå Sunnmøre til Nordland og vidare inn i Lycksele Lappmark i Sverige veks underarten serpentinicola, som har smale blad og sterk purpurfarge. Denne er endemisk.
[endre] Kjelder
- Svensk wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.