Erling Jevne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Erling Jevne, (fødd 24. mars 1966), frå Øyer i Oppland, er ein tidlegare norsk langrennar. Frå 1987 til 2002 tevla han på høgt nivå, han la opp i 2006. Han var klart best i klassisk langrenn, og hadde i fleire år fast plass på Noregs stafettlag i verdscup og internasjonale meisterskap. Jevne var med å vinne 4x10 km stafett i verdsmeisterskapen både i 1995 og i 1997, i 1998 vart han olympisk meister i same øvinga.

Jevnes største individuelle prestasjonar var to sølvmedaljar, ei på 50 km under VM 1997 i Trondheim, den andre på 30 kn under dei olympiske leikane året etter. Tre gongar gjekk han til topps i verdscuprenn (1996, 2000, 2001/2). I alt kom han tolv gongar på pallen i verdscupen (3-6-3).

Jevne vart noregsmeister tre gongar, alle gongane (1992, 1994, 1996) på femmila. Han var ein såkalla milslukar, alle dei åtte NM-medaljane vann han på renn over 30 km og 50 km. Jevne var medlem av Øyer IF.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1987: Nr 5 på 50 km i Holmenkollen
  • 1991: Nr 11 på 50 km i Holmenkollen
  • 1992: Nr 5 på 30 km i OL i Albertville, nr 4 på 50 km i Holmenkollen
  • 1993: Nr 7 på 30 km i VM i Falun, nr 4 på 50 km i Holmenkollen
  • 1994: Nr 5 på 50 km i OL på Lillehammer
  • 1995: Gull på stafetten, nr 6 på 10 km og nr 7 på femmila under VM i Thunder Bay
  • 1996: Vinnar av 50 km i verdscupen i Holmenkollen
  • 1997: Gull på stafetten, sølv på 50 km og nr 7 på 10 km under VM i Trondheim
  • 1998: Gull på stafetten, sølv på 30 km og nr 7 på 10 km under OL i Nagano
  • 1999: Sølv på VM-stafetten, samt nr 2 på 15 km i verdscupen i Nove Mesto
  • 2000: Vinnar av 10 km i verdscupen i Bormio
  • 2001: Nr 4 på 30 km i verdsmeisterskapen i Lahti
  • 2001/2: Vinnar av 15 km i verdscupen i Davos. Nr 6 på 15 km under OL i Salt Lake City

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1987: Nr 5 på 15 km i Steinkjer.
  • 1988: –
  • 1989: Nr 8 på 30 km på Geilo.
  • 1990: Bronsemedalje på 50 km på Gjøvik.
  • 1991: Bronsemedalje på 50 km i Bodø
  • 1992: Gullmedalje på 50 km i Molde og sølvmedalje på 30 km i Trondheim
  • 1993: Nr 4 på 30 km på Lillehammer.
  • 1994: Gullmedalje på 50 km i Stor-Elvdal
  • 1995: Sølvmedalje på 30 km i Oslo
  • 1996: Gullmedalje på 50 km i Stryn.
  • 1997: Nr 10 på 10 km i Mo i Rana
  • 1998: –
  • 1999: Nr 5 på 10 km i Skrautvål
  • 2000: Bronsemedalje på 30 km i Vang
  • 2001: Nr 6 på 10 km i Steinkjer
  • 2002: –

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • Bokmålswikipedia