Eurythmics

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurythmics
Eurythmics Rock am Ring 1987.jpg
Eurythmics opptrer i Tyskland i 1987.
Sjanger Synth-pop, new wave
Aktive år 1980-1990, 1999-2005
Plateselskap RCA Records, Arista Records
Nettstad www.eurythmics.com
Medlemmer
Annie Lennox
David A. Stewart

Eurythmics er ei britisk pop-duo som hadde storheitstida si på 1980- og 1990-talet. To av dei mest kjende hitame deira er «Sweet Dreams (Are Made of This)» og «Here Comes The Rain Again». Gruppa har vunne talrike prisar, mellom anna Grammy-prisen, Ivor Novello-prisen og Brit Awards.

Bandhistorie[endre | endre wikiteksten]

Oppstart[endre | endre wikiteksten]

Annie Lennox frå Aberdeen og David Allan Stewart frå Sunderland møttest i 1975 i ein restaurant i London der Lennox jobba. Saman med gitaristen Peet Combes danna dei i 1977 pønkrock-bandet The Catch, som snart skifte namn til The Tourists. Bandet vart oppløyst i 1980, og Lennox og Stewart danna sitt nye band, Eurythmics same året. I Eurythmics ville dei eksperimentera meir med elektronisk musikk og avantgardistisk stil enn dei hadde gjort i The Tourists. Lennox og Stewart, som hadde vore kjærastar, bestemte seg for å ta ein pause i forholdet då dei starta Eurythmics. Bandet fekk platekontrakt med RCA Records.

Fyrste plata, In the Garden vart spelt inn i Köln, og kom ut i 1981. Plata førte ikkje til store salstal, og den mest kjende singelen derifrå er «Never Gonna Cry Again». Året etter baserte gruppa seg i London og gav ut tre singlar til.

Glanstida[endre | endre wikiteksten]

Det store gjennombrotet til Eurythmics kom med andreplata, Sweet Dreams (Are Made Of This) frå 1983. Tittelsporet, som inneheldt ei mørk og lett gjenkjenneleg synth-basslinje, vart enormt populær. Låta kom på andreplass på den britiske singellista og på fyrsteplass i USA, og er framleis ein av Eurythmics sine største hits. Musikkvideoen til songen var både dramatisk og kreativ. Annie Lennox stilte her i mørk dress, slips og kortklypt, oransjefarga hår, medan David Stewart i ei scene sat og skreiv på ei datamaskin ute blant ein flokk mjølkekyr. [1] Også «Love Is a Stranger» frå same album vart populær.

Annie Lennox opptrer med Eurythmics i Drammeni 1986 på «Revenge»-turnéen.

Frå dette tidspunktet hadde karrieren til Eurythmics nådd eit heilt nytt nivå. Lennox vart eit pop-ikon som hamna på framsida av Rolling Stone. Dei satsa mykje meir på elektronisk musikk frå no av, og allereie i november same året kom neste album, Touch ut. Albumet vart endå ein suksess for gruppa, og inneheldt m.a. singlane «Here Comes The Rain Again» og «Who's That Girl?» Året etter kom albumet Touch Dance med remixar av songane på Touch.

I 1984 produserte Eurythmics filmmusikken til filmen 1984, basert på romanen 1984 av George Orwell. Filmmusikken vart gjeven ut på plata 1984 (For The Love Of Big Brother), og vart presentert som det originale lydsporet til filmen. Riktignok ville filmregissør Michael Radford opphavleg ha musikk av Dominic Muldowney til filmen, og kjende seg overstyrt av filmselskapet som hanka inn Eurythmics. Frå denne plata gav Eurythmics ut singelen «Sexcrime (Nineteen-Eighty-Four», som vart populær i Storbritannia. Tittelen refererer til eit konsept frå romanen 1984, men gjorde også at ei rekkje radiokanalar i USA nekta å spela låta.

Albumet Be Yourself Tonight kom ut i 1985, og vart produsert på ei veke i Paris. Stilen var her meir bandprega og mindre elektronisk, og fleire kjende artistar var med på albumet, t.d. Michael Kamen, Stevie Wonder, Elvis Costello, Tom Petty og Aretha Franklin. Sistnemnde song duett med Lennox på singelen «Would I Lie To You?», som Eurythmics framførte på MTV Video Music Awards i New York City i september 1985.

Eurythmics heldt fram med produktiviteten, og slapp albumet Revenge i 1986. Stilen gjekk stadig meir i retning av kommersiell pop og rock, men salstala heldt seg gode. Songen «Missionary Man» gjorde gruppa fortent til sin einaste Grammy, i kategorien Best Rock Performance by a Duo or Group with Vocal. Året etter kom albumet Savage, der musikken igjen baserte seg rundt trommeloops og Lennox eksperimenterte med mørkare tekstar. Singlane «Beethoven (I Love To Listen To)», «I Need A Man» og «You Have Placed a Chill In My Heart» kjem frå denne plata. Ho vart godt motteken i heimlandet, men i stor grad oversett i USA.

1989-albumet til Eurythmics fekk tittelen We Too Are One, og vart det fyrste Eurythmicsalbumet som toppa den britiske albumlista sidan Touch. Singlane «Don't Ask Me Why», «Angel», «The King and Queen of America» og «Revival» vart alle utgjevne frå denne plata. We Too Are One vart likevel heller ingen suksess over dammen.

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

Etter mange både vellukka og hektiske år med bandet, skilde Lennox og Stewart lag i 1990, men dette vart ikkje offisielt annonsert. Likevel kom samleplata Greatest Hits ut i 1991, og ei live-plate vart produsert i 1993. Begge medlemmene starta solokarrierar. Stewart fekk ein stor hit med instrumentallåta Lily Was Here i 1990, der han spelar gitar og nederlandske Candy Dulfer spelar saksofon. Han begynte òg å produsera filmmusikk, og gav ut soloalbuma Greetings from the Gutter (1995) og Sly-Fi (1998). Ingen av desse gjorde det særleg godt salsmessig. Lennox sitt fyrste soloalbum, Diva kom ut i 1992, og det selde betre enn noko Eurythmics-album hadde gjort. Oppfylgjaren Medusa kom i 1995.

Peet Coombes frå The Tourists døydde i 1997, kom Lennox og Stewart saman att. [2] To år seinare gav dei ut albumet Peace i 1999, som gjorde singelen «I Saved The World Today» til ein stor hit. Peace er det siste studioalbumet Eurythmics har gjeve ut. Etter dette gjorde dei nokre turnéar der inntektene gjekk til veldedige organisasjonar, som Amnesty International og Greenpeace, samt at dei gav ut samlealbumet Ultimate Collection i 2005. Dei spelte inn to nye songar til dette albumet, m.a. «I've Got A Life», som vart gjeven ut som singel. Annie Lennox har halde fram med solokarrieren sin etter Eurythmics-tida.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1981: In the Garden
  • 1983: Sweet Dreams (Are Made of This)
  • 1983: Touch
  • 1984: 1984 (For the Love of Big Brother)
  • 1985: Be Yourself Tonight
  • 1986: Revenge
  • 1987: Savage
  • 1989: We Too Are One
  • 1999: Peace

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]