Michael Kamen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Michael Arnold Kamen
Fødd 15. april 1948
New York City i New York,
USA
Død 18. november 2003 (55 år)
London i England,
Storbritannia
Instrument Obo
Sjanger Filmmusikk
Aktive år 1976–2003
Yrke Komponist

Michael Arnold Kamen (15. april 194818. november 2003) var ein amerikansk komponist (særleg filmmusikk), orkesterarrangør, dirigent, låtskrivar og studiomusikar.

Kamen vart født i New York, USA og studerte ved The New York High School of Music & Art, så The Juilliard School for Music Dance and Drama, der han lærde å spele obo. Han grunnla deretter New York Rock & Roll Ensemble på slutten av 1960-talet, som spelte klassisk rock liknande det Electric Light Orchestra kom til å framføre seinare. Kamen spelte obo og keyboard såvel som komponerte. Songen «Sing Lady Sing» som han skreiv, bytte namn og vart ein hit med Buddy Miles.

Arbeida hans med artistar er omfattande og inkluder blant anna David Gilmour og Roger Waters. Han er ein av få personar som har vorte invitert til å arbeide med begge Pink Floyd-medlemmane etter brotet deira. I 1990 vart han med fleire andre gjester på Roger Waters si massive førestilling av The Wall i Berlin.

Kamen skreiv elleve ballettar og skreiv filmmusikk for ein heil del filmar. Han var nominert for to Grammyprisar, to Golden Globeprisar og ein Emmypris. Han fekk BAFTA-prisen saman med Eric Clapton for beste originalmusikk etter serien Edge of Darkness som gjekk på BBC i 1985.

Kamen vart diagnostisert med multippel sklerose i 1997, men døydde av eit hjarteinfarkt. Det siste innspelte verket hans er på Kate Bush-albumet Aerial som kom ut november 2005.

Utval av artistar[endre | endre wikiteksten]

Utval av filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]