Feittfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Feittfugl

Status i verda: LC Livskraftig

Feittfugl
Feittfugl

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Caprimulgiformes
Familie: Steatornithidae
Slekt: Steatornis
Art: S. caripensis
Vitskapleg namn
Steatornis caripensis
Humboldt, 1817

Feittfugl (Steatornis caripensis) er ein slank og langvenga fugl med ei kroppslengd på om lag 45 cm. Han er monotypisk i familien Steatornithidae i ordenen Caprimulgiformes, natteramnar.

Arten finst i dei nordlege områda av Sør-Amerika frå Guayana og øya Trinidad til Venezuela, Colombia, Ecuador, Peru og Bolivia i skog og skogsterreng med grotter. Dei er sesongmessige migrantar, flytter ut frå område med grotter på søk etter frukttre. Streiffuglar har gjesta Costa Rica, Panama og Aruba.

Feittfuglen er ein nattaktiv fugl som har spesialisert seg på frukter av oljepalmen og tropiske laurbær. Dette i kontrast til alle andre artar av natteramnar som er insektetarar.

Artskildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er en stor fugl på 41-48 cm, med eit vengespenn på ca. 91 cm. Han har utflata, kraftfullt krumme nebb, omgjeve av bust opptil 5 cm i lengd. Han er hovudsaklege raudbrune med kvite flekker på nakke og venger. Undersida er kanel-brungul, flekka med kvitt. Dei stive halefjørene har djup brunfarge med kvitflekker på begge sider.

Føtene til feittfuglen er små og nesten ubrukelege anna enn for å feste til vertikale overflater. Han kan sveve, 'stille' i flukt slik at han navigerer gjennom tronge delar av grotter. Feittfuglen er ein av få artar som kan bruke ekkolokalisering under dårlege lystilhøve.

På dagtid kviler fuglane på berghyller i grotter. Dei legg 2-4 skinnande kvite egg på ein haug av fugleskitt, vanlegvis nær vatn. Ungane vert særs feite før dei kan flyge, og kan vege opp til ein og ein halv gong så mykje som vaksne fuglar gjer. Ungane har vore hausta og nytta som kjelde for olje, derfor namnet feittfugl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Feittfugl
Namn på andre språk
Svensk Oljefågel
Engelsk Oilbird, Guácharo
Tysk Fettschwalm, Guacharo
Fransk Guacharo des cavernes
Spansk Guácharo, ave de las cavernas, pájaro aceitoso
Russisk Guakharo (Гуахаро), zjirjak (жиряк)