Ficus religiosa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ficus religiosa

पिपल.jpg

Vitskapleg namn
Ficus religiosa
Utbreiing
Område: Opphavleg leveområde Aust-, Søraust- og Sør-Asia[1]
Systematikk
Rike: Plantar
Rekkje: Dekkfrøplantar
Klasse: Tofrøblada plantar
Orden: Rosales
Familie: Morbærfamilien
Slekt: Ficus
F. religiosa

Ficus religiosa, også kjend som heilag fiken, gudefiken, pipal[2] og bo- eller bodhitre,[3] er eit tre i fikenslekta som er utbreidd i Sør- og Søraust-Asia. Treet er viktig i buddhismen, djainismen og hinduismen. Buddhistiske overleveringar fortel at Gautama Buddha oppnådde oppvakning under eit slikt tre. Fikentreet er også ein tradisjonell medisinplante.

Blad

Ficus religiosa kan bli opptil 20 meter høg.[1] Borken er gråleg og sprekk etterkvart som han blir eldre. Blada er runde på fasong med ein lang flik i enden, tynne og med skinnande overflate. Dei har 5-7 sidevener. Fruktene er små, på storleik med ein pupill. Dei er grøne som kart og svarte når dei er mogne.[4]

Treet blir pollinert av ein særskild veps, Blastophaga quadraticeps. På stader der både fikentreet og vepsen er innført, som Israel, Florida og Hawaii, kan Ficus religiosa vera ein invasiv art.[5]

Treet kjem opphavleg frå eit område frå Himalaya til Sør-Kina, Vietnam og Nord-Thailand. Det er utbreidd som avenytre og tempeltre, både ved hindu- og buddhisttempel.

Borken frå treet har lenge vore brukt som medisin mot sår, smittestoff, diaré, diabetes og gonorré. Blada er blitt brukt mot hudsjukdommar, giftstoff og for å regulera menstruasjonssyklusen. Frukta er blitt brukt som avføringsmiddel, og i pulverform til å behandla astma. Medisinske forsøk har mellom anna påvist verknader mot fleire smittestoff og parasittar og at planten har ein god effekt mot diabetes.[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ficus religiosa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ficus religiosa L., Globinmed.com
  2. Oxford English Dictionary, Oxford University Press, 1971, p.1014
  3. «Ficus religiosa — Peepal». Flowers of India. http://www.flowersofindia.in/catalog/slides/Peepal.html. Henta November 3, 2011. 
  4. 4,0 4,1 S. B. Chandrasekar, M. Bhanumathy, A. T. Pawar,1 and T. Somasundaram, «Phytopharmacology of Ficus religiosa», Pharmacognosy Review, v.4(8) 2010
  5. Lissa Fox Strohecker, «And then the pollinator wasp arrived…», mauiinvasive.org. Opphavleg frå Maui News (October 13th, 2013).

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.