Filmen Land og fridom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Land og fridom (Land and Freedom, Tierra y libertad) er ein britisk/spansk samproduksjon frå 1995, regissert av den namngjetne britiske regissøren Ken Loach, og med screenplay av Jim Allen.

Filmen byggjer delvis på George Orwell si dokumentarbok frå den spanske borgarkrigen, Homage to Catalonia (Hyllest til Catalonia), som òg er utgjeven på norsk.

Filmen byrjar med at karakteren David Carr spelt av Ian Hart døyr som gamal mann. Barnebarnet hans finn blant dei etterlatne tinga hans avisutklipp, brev og fotografi frå da David var med som frivillig på den anti-fascistiske sida i den spanske borgarkrigen. Ho finn òg eit raudt halstørkle med ein neve jord i. Mesteparten av handlinga i filmen er da det ho les ut av desse kjeldene.

Vi følgjer den unge kommunisten David frå arbeidsløysa i Liverpool til POUM-militsen i Catalonia, der han ved eit tilfelle hamnar. Kommunistane, det venstresosialistiske POUM og anarkistane er allierte i kampen mot Franco, men etter kvart dominerer kommunistane meir og meir på grunn av at berre Sovjetunionen gir den spanske regjeringa våpen til å forsvare seg med. Vestmaktene driv med «ikkje-innblanding», samtidig som Hitler og Mussolini støttar Franco.

Stalin vil ikkje at den spanske revolusjonen skal utvikle seg, og brukar innverknaden sin til å undertrykkje POUM. David tenkte å slutte seg til den kommunistleidde Folkehæren, men går tilbake til POUM etter kampane i Barcelona mellom kommunistar og politi på den eine sida, og anarkistar og POUM på den andre.

Filmen er ein sterk kritikk av rolla til kommunistane under borgarkrigen, og inneheld òg ei kjærleikssoge mellom David og den spanske milits-kvinna Blanca, spelt av Rosana Pastor. Filmen sluttar med at gamle David blir gravlagd, medan dotterdotter hans les nokre liner frå eit dikt av William Morris. Poenget er at kampen for fridom og sosialisme ikkje er fånyttes, og skal halde fram.

Filmen vart «Film of the Year» under European Film Awards i 1995, og fekk under filmfestivalen i Cannes prisane «International Critics' Prize» og «Ecumenical Prize».

(Kjelde til konkrete opplysningar: Omslaget til DVD-versjonen av filmen.)