Fjellpetrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjellpetrell

Status i verda: VU Sårbar

FjellpetrellFoto: Tom Tarrant
Fjellpetrell
Foto: Tom Tarrant

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Procellaria
Art: P. parkinsoni
Vitskapleg namn
Procellaria parkinsoni

Fjellpetrell (Procellaria parkinsoni) er ein sjøfugl i stormfuglfamilien som hekkar på to øyar utanfor Nordøya på New Zealand og trekker til tropiske, austlege Stillehavet utanom hekketida.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein stor petrell, 46 centimeter og 700 gram i gjennomsnitt. Han er einsfarga mørk brun, nær svart, men drakta blir meir brun med aukande alder, nebbet er skittengult med mørk nebbspiss.

I den australske vinteren beitar fjellpetrellane i havområdet som strekkjer seg i høgd mellom nordspissen av Peru og sørlege Mexico, dei kan beite nær kysten og vestover i dette området, men vest for Galapagosøyane. Dei fleste fjellpetrellar hekkar på Great Barrier Island, men nokre òg på Little Barrier Island. Hekketida er frå midten av oktober med egglegging hovudsakleg i november og desember. Begge foreldra deltar i ruging i ca. 57 dagar totalt, og ungane er over 100 dagar når dei flyg. Dei kan hekke seks år gamle og kan ha levetid på minst 17 år.

Basis i føda til fjellpetrellar er blekksprutar, med tillegg av fisk, krepsdyr og andre virvellause dyr. Dei er kjente for å følgje fiskebåtar, men er òg knytt til delfinar i beiteområdet i austlege Stillehavet, spesielt halvspekkhoggarar og Peponocephala electra (melonhovudkval).[1]

Arten er klassifisert som sårbar av IUCN. Trugsmåla har vore introduserte framande dyreartar som villkattar, og nokre fuglar blir tatt ved linefiske. Estimata for storleiken på populasjonen er ca. 10 000 fuglar i 2005[2] og stabil.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Pitman, Robert L. Ballance, Lisa T. Parkinson's Petrel Distribution and Foraging Ecology in the Eastern Pacific: Aspects of an Exclusive Feeding Relationship with Dolphins, The Condor, Vol. 94, No. 4 (Nov., 1992), pp. 825-835
  2. Heather og Robertson, 2005
  3. BirdLife International, 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fjellpetrell