Flaggermuspetrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flaggermuspetrell

Status i verda: VU Sårbar

FlaggermuspetrellFoto: Wikipedia-brukar Aviceda
Flaggermuspetrell
Foto: Wikipedia-brukar Aviceda

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Pterodroma
Art: P. cookii
Vitskapleg namn
Pterodroma cookii
G.R. Gray, 1843

Flaggermuspetrell (Pterodroma cookii) er ein pelagisk fugl og ein medlem av slekta Pterodroma-petrellar, ein av dei minste petrellane. Som hekkefugl er han endemisk til New Zealand. Han er ein flyttfugl som migrerer til austre og nordlege Stillehavet.

Fuglen er 26 til 29 centimeter i kroppslengd, og han veg ca. 200 gram.[1] I hovudtrekk er denne arten kvit på undersida med lys grå overside. Det kvite nedst på framhovudet går over i lyst grått øvst på panna. Han har ein mørk flekk rundt auga. Oversida viser ein mørk markert 'M' i flukt.[2] Undersida av vengknoken har berre ei kort svart linje i retning kroppsida. Nebbet er lite og svart, men beina er blålege med gult på symjehuda.[1]

Hekkekoloniane ligg på tre små øyar i New Zealand, langt dei fleste hekkar i store koloniar på Little Barrier Island, nokre få par på Great Barrier Island og Codfish Island. Frå april månad migrerer flaggermuspetrellane til havområdet utanfor og mellom Chile og California, somme spreier seg nord til Alaskabukta. Dei er attende i New Zealand omkring august. Nokre få kan overvintre ved hekkekoloniane. Flaggermuspetrellen hekkar i djupe hòler, opp til fem meter inn i bakken. Rugetida for det eine kvite egget er ca. 47 dagar og ungen er flygedyktig etter ca. 88 dagar, frå midten av mars til midten av april.

Flaggermuspetrellar et mest blekksprut, men tar òg noko småfisk og krepsdyr.[1]

Populasjonen er estimert til totalt 670 000 individ og er aukande.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Heather og Robertson, 2005
  2. 2,0 2,1 BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]