Pterodroma
| Pterodroma | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Procellariiformes | |
| Familie: | Procellariidae | |
| Slekt: | Pterodroma | |
Petrellane i den biologiske slekta Pterodroma er sjøfuglar i stormfuglfamilien, slekta inkluderer om lag 33 artar av mellomstore til store petrellar som beitar på overflata av sjøen. Pterodroma-petrellar skil seg frå lirer i den uryddige måten dei flyg på over havet med raske vengeslag, der lirer seglar meir elegant over bølgjene.
Desse fuglane har solide nebb som er tilpassa mjuke byttedyr tatt opp frå vassoverflata, dei har vridde tarmar for å fordøye marine dyr med uvanlege biokjemikaliar. Artane er vanskelege å skilje, mange har mørk overside med lysare underside, kort hale og lange venger.
Pterodroma-petrellar hekkar i koloniar på øyar og lever pelagiske utanom hekkesesongen. Kvart kull er på eitt kvitt egg som dei legg i ei hòle på bakken. Dei er nattlege fuglar.
Artsliste [endre]
Pterodroma-petrellar i rekkjefølgje etter Clementslista frå desember 2008 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.
|
|
|
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger dels på «Gadfly petrel» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2009
- Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
- Schreiber, Elizabeth A. & Burger, Joanne (2001) Biology of Marine Birds, Boca Raton:CRC Press, ISBN 0-8493-9882-7
- Clementslista frå desember 2008. Nedlasting av lista, lese 5. juli 2009]