Foix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For elva i Catalonia i Spania, sjå Rio Foix
Foix
012 Foix Vista.JPG
Byvåpenet til Foix
Byvåpenet til Foix
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Midi-Pyrénées
Ariège
Geografi
Flatevidd
 - By

19,32 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

9 109
  471/km²
Koordinatar 42°57′59″N 01°36′28″EKoordinatar: 42°57′59″N 01°36′28″E
Høgd over havet 400 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 09000
Heimeside: www.mairie-foix.fr

Foix er ein kommune sørvest i Frankrike i departementet Ariège der han er préfecture (administrasjonsstad). Han ligg sør for Toulouse, nær grensa til Spania og Andorra. Byen har om lag 9 000 innbyggjarar, og er den nest størtste byen i departementet etter Pamiers.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Foix har sannsynlegvis sitt opphav frå eit kapell grunnlagd av Karl den store, som etter kvart vart eit kloster. Opphavleg høyrte området til (pays de Foix) hertugdømmet Aquitania. Seinare vart det del av grevskapet Carcassonne. På 1000-talet vart Foix sjølv eit grevskap. Pays de Foix utgjorde saman med Couserans og Donézan eit kathar-område. Foix sine murar kunne motstå åtak frå krossriddarane. I dette området raste albigensarkrigane særleg kraftig. I 1229 var krigen over, og greven av Foix vart vasall under den franske krona. Ved arv vart derimot byen del av Béarn, som varvasall under Navarra. Men i 1607 vart òg Béarn igjen understilt den franske kongen.

Greven av Foix virka i saman med den katolske biskopen av Urgell som fyrstar av Andorra. Men Foix måtte så overdra sin del av denne dobbeltstyringa til den franske kongen (seinare vidare overdratt til den franske presidenten).

Atraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Dei største attraksjonane er den lokale greven si borg, den tidlegare abbedkyrkja Saint Volusien, og dei pittoreske smale gatene Rue de Labistour og Rue des Marchands.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Foix var fødestaden til Charles de Freycinet (1828-1923), stasmann og statsminister.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Foix