Franz Beckenbauer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Franz Beckenbauer
Franz Beckenbauer i 2019
Personleg informasjon
Fullt namn Franz Anton Beckenbauer
Fødselsdato 11. september 1945
Fødestad München i Tyskland
Dødsdato 7. januar 2024 (78 år)
Høgd 181 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1964-1977 Bayern München 427 (60)
1977-1980 New York Cosmos 105 (19)
1980-1982 Hamburger SV  (0)
1983 New York Cosmos 27 (2)
Totalt 587 (81)
Landslag
1965-1977 Tyskland 103 (14)
Trenar for
1990-1991 Marseille
1993-1994 Bayern München
1995-1996 Bayern München
Landslagstrenar for
1984-1990 Vest-Tyskland
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Franz Anton Beckenbauer, med tilnamnet der Kaiser, 'keisaren' (11. september 19457. januar 2024), var ein tysk fotballspelar og -trenar som vart verdsmeister både som spelar og som landslagstrenar. Han vart halden for å vere Tysklands beste fotballspelar gjennom tidene.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Beckenbauer vart fødd i München i delstaten Bayern. Han debuterte på FC Bayern München i juni 1964 mot Stuttgarter Kickers i Regionalliga Süd ('sør'), som venstreving. Bayern München vann denne ligaen i den påfølgjande sesongen, og rykte dermed opp i den nasjonale fotballserien, Bundesliga. I 1966 vann klubben sin aller første store pokal sidan 1932, då det vart siger i den tyske cupmeisterskapen. Beckenbauer kom til å vinne tre fleire cupmeisterskap.

Frå 1965 spelte Beckenbauer på midtbana. Ein la merke til hans evne til å ta ballen frå defensiv midtbaneposisjon, føre den over midtbana og spele fri medspelarar i god angrepsposisjon.

I 1968 vart Beckenbauer utpeika til lagkaptein, og i sin første sesong i denne rolla vann Bayern München klubbens aller første seriemeisterskap etter 2. verdskrigen. Han veksla då på å spele midtstoppar og defensiv midtbane. Det var på den tid han tok til å spele på eit vis eller i/frå ein posisjon som vart nemnt med uttrykket libero. Beckenbauers spelemåte skulle danne skule for ein type midtstopparspel dei komande to tiåra. Mange europeiske fotballag søkte å kopiere Beckenbauer og Bayern München sin måte å spele på.

I Bayern München feira Beckenbauer store triumfar. Klubben vann tre seriemeisterskap på rad (1972, 1973, 1974). Største prestasjonen stod laget for då det vann Europacupen for serievinnarar tre år på rad, 1974-1976.

Hausten 1977 flytta Beckenbauer til USA for å spele på New York Cosmos, lokka av ein lukrativ kontrakt. Han gjorde comeback i Bundesliga for Hamburger SV i 1980. Her var han i to år, før det vart ein ny sesong i New York Cosmos.

Beckenbauer la opp som fotballspelar i 1983. Han hadde då spelt 455 seriekampar i heimlandet (427 for Bayern München) og skåra 60 mål (alle for Bayern München). New York Cosmos si trøye drog han på seg 132 gongar til kamp, skåra 21 mål.

Beckenbauer under VM 1974

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Beckenbauer debuterte på Vest-Tysklands landslag mot Sverige i september 1965. Den unge Beckenbauer vart raskt ein toppspelar. Han spelte framifrå under VM i fotball 1966 i England, var lagets beste spelar då Vest-Tyskland spelte seg fram til finalen og vann sølvmedaljen, etter å ha måtte gje tapt mot arrangørlandet i ekstraomgangane.

Under VM i 1970 fekk han i semifinalen mot Italia skuldra ut av ledd. Sidan Vest-Tyskland hadde brukt innbytarkvota på to mann, spelte Beckenbauer vidare med armen i fatle. Vest-Tyskland tapte kampen med tre mål mot fire, etter dei mest forrykande ekstraomgangar fotballpublikum hadde sett (det stod 1-1 etter ordinær tid). Vest-Tyskland vann bronsekampen med 1-0 over Uruguay, utan Beckenbauer på bana.

Beckenbauer var frå 1971 lagkaptein på Vest-Tyskland, og hadde det vervet til han slutta av på landslaget. I 1972 var han med å vinne europameisterskapen for Vest-Tyskland. To år seinare vann Vest-Tyskland (og Beckenbauer) VM i fotball 1974 i Beckenbauers heimby, München. Siste store kamp for Beckenbauer på landslaget vart finalen i EM i fotball 1976. Det enda med tap mot Tsjekkoslovakia. Han spelte sin siste landskamp i februar 1977, mot Frankrike.

I alt spelte Beckenbauer 103 landskampar for Vest-Tyskland, og skåra 14 mål. 19 gongar aksla han landslagstrøya i VM-kampar.

Landslagstrenar[endre | endre wikiteksten]

I perioden mellom 1984 og 1990 var Beckenbauer landslagstrenar for Vest-Tyskland. Landslaget nådde VM-finalen både i 1986 og 1990. I 1986-finalen vart det tap 2-3 mot Argentina. Mot same motstanderen i VM-finalen i 1990 vart det siger med 1–0.

Idrettsleiar[endre | endre wikiteksten]

Beckenbauer vart president i Bayern München i 1994, ein posisjon han hadde fram til klubben vart omorganisert i 2002 (gjekk frå å vere ei foreining til å verte eit aksjeselskap).

Han hadde ei leiar-rolle då Tyskland dreiv på for å få arrangere fotball-VM i 2006. Ved sjølve meisterskapen var Beckenbauer leiar av organisasjonskomiteen.

Klubbar[endre | endre wikiteksten]

Merittar, landslag[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister 1974
  • VM-sølv 1966
  • VM-bronse 1970
  • Europameister 1972
  • EM-sølv 1976

Merittar, klubblag[endre | endre wikiteksten]

  • Europacupen for serievinnarar: 1974, 1975, 1976 (med Bayern München)
  • Cupvinnarcupen: 1967 (med Bayern München)
  • Tysk serievinnar: 1969, 1972, 1973, 1974 (med Bayern München), 1982 (med Hamburg)
  • Tysk cupvinnar:1966, 1967, 1969, 1971 (med Bayern München)
  • USA-meister: 1977, 1978, 1980 (med New York Cosmos)

Ymse[endre | endre wikiteksten]

  • Årets spelar i Europa: 1972 og 1976, (dessutan to gongar som nr 2)
  • Årets spelar i Vest-Tyskland: 1966, 1968, 1974, 1976

Tilnamnet ”der Kaiser” fekk han for sine leiarevner/sin leiarskap på bana, og for sin elegante stil og sitt overblikk (også på bana).

Etter at han la opp som fotballspelar, budde Beckenbauer i landsbyen Oberndorf in Tirol i Tysklands naboland Austerrike.