Frederik Johnstrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Johannes Frederik Johnstrup (fødd 12. mars 1818 i Christanshavn i Danmark, død 31. desember 1894) var ein dansk geolog. Han gjorde ei stor vitskapleg og administrativ innsats og er kjend for å ha innført istidsteorien i Danmark. Han grunnla Danmarks geologiske Undersøgelse i 1888 og Grønlands geologiske og geografiske Undersøgelse i 1876.

Johnstrup vart bachelor i 1844 og vart professor i mineralogi og naturvitskap ved Sorø Akademi i 1846. Då akademiet vart lagt ned i 1848 vart han assisterande lektor i Kolding. Tre år seinare underviste han i Sorø og i 1866 vart han professor i mineralogi og geologi ved Universitetet i København og Polyteknisk institutt.

I 1876 leia han ein ekspedisjon til Island for å studere Askja og vulkanane ved Mývatn i lag med Þorvaldur Thoroddsen som guide.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hintze, V. Thoroddsen, Thorvaldur i C. F. Bricka (ed.): Dansk biografisk lexikon: tillige omfattende Norge for Tidsrummet 1537–1814; Gyldendal, København 1887–1905; vol. XVII (1903), s. 283-5.