Frierfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frierfjorden
fjord
Land  Noreg
Del av Skagerrak
Kart
Frierfjorden
59°05′57″N 9°37′05″E / 59.09914111°N 9.61818695°E / 59.09914111; 9.61818695
Wikimedia Commons: Frierfjorden

Frierfjorden er den lengste fjorden i Telemark fylke. Han ligg i Grenland, har innløp mellom Brevik og Stathelle og strekkjer seg 15 km inn til munningen av Porsgrunnselva. Ved munningen av Porsgrunnselva strekkjer Gunnekleivfjorden seg søraustover på nordsida av Herøya. Lenger vest går ein annan fjordarm kalla Vollsfjorden seg vestover mot Rambekk. Namnet «Frier» kjem truleg frå norrønt språk og tyder 'den vakre'.

Grenlandsbrua i Frierfjorden

Innløpet, kalla «Strømmen» eller «Breviksstrømmen», er om lag 300 m breitt og vert kryssa av Breviksbrua. Litt lenger inne vert fjorden kryssa av av den nyare Grenlandsbrua (E18), som er den høgaste skråkabelbrua i Noreg.

Frierfjorden har stor skipstrafikk, mellom anna til Rafnes i Bamble kommune, Norsk Hydro i Porsgrunn kommune og, fram til nedlegginga i 2006, til Union i Skien.

Tidlegare var magnesiumfabrikkenHerøya ein av dei største punktkjeldene i verda for utslepp av dioksin, noko som førte til kraftig forureining av Frierfjorden. Hydro sin magnesiumfabrikk på Herøya slapp i perioden fram til 1990 ut like mykje dioksin som samtlege kjelder i heile Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]