Furukrossnebb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Furukrossnebb


Utfarga hann
Utfarga hann

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Fringillidae
Slekt: Loxia
Art: L. pytyopsittacus
Vitskapleg namn
Loxia pytyopsittacus

Furukrossnebb er ein fugleart i finkefamilien.

Innhaldsliste

[endre] Utsjånad

Furukrossnebben er 16-18 cm lang, og dermed gjennomgåande litt større enn grankrossnebben. Skilnaden mellom dei to artane er liten, men furukrossnebben har grovare hals, og proporsjonalt større hovud og nebb. Til liks med dei andre artane i slekta har furukrossnebben nebbhalvdelar som kryssar kvarandre. Over- og undernebben er om lag like grove. Nebben er like høg som lang, til skilnad frå grankrossnebben. I alle drakter er vengane og stjerten mørke til svartaktige med lysgrå brem. Vaksne hannar er ellers først og fremst teglsteinsraude, men fjørdrakta kan variere mellom individa med meir innslag av grågrøne, brune eller oransjegule toner. Den vaksne hoa har grågrøn overside, gulgrøn overgump og lysgrå underdel, med grønaktig tone på brystet og kroppssidene. Ungfuglen er grønaktig gulgrå, med kraftig svartaktig streka underside.

[endre] Læte

Furukrossnebben har ulike slags læter, og desse liknar litt på lætene frå grankrossnebben.

[endre] Utbreiing

Arten hekker i Skandinavia, Finland, Baltikum og nordlege deler av europeisk Russland. Sporadisk hekker arten så langt sør som i Danmark og Tyskland.

[endre] Førekomst i Noreg

Furukrossnebben fins hekkande over det meste av Noreg, unnateke lengst nord. Fugletalet varierer med frøproduksjonen til furua. Truleg hekker 10 000 – 100 000 par årleg i Noreg. Arten er sterkt knytt til furuskogen.

[endre] Hekking

Reiret vert bygd i glissen furuskog, som oftast oppe mot toppen av eit tre, i blant nede på sidegreinene. Hoa legg 2-4 (i blant 5) egg. Desse er kvite med ein svak tone av blått eller blågrønt, og dekte med raudbrune flekkar. Desse ruger ho i 14-16 døgn. Etter klekkinga matar foreldra ungane i 25 døgn, til dei er flygedyktige. Oftast fell dette saman med at furukonglane er modne og frøa opnar seg.

[endre] Føde

Fuglane et mest furufrø.

[endre] Trekktilhøve

Arten er standfugl, men kan streife ein del, og invasjonar sørover er ikkje uvanlege. Skandinaviske fuglar kan invadere Storbritannia i mengder.

[endre] Kjelder

  • Svensk Wikipedia.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk