Gérard Latortue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gérard Latortue

Gérard Latortue (fødd 19. juni 1934 i Gonaïves i Haiti) var statsminister i Haiti frå 12. mars 2004 til 9. juni 2006. Han hadde før dette vore embetsmann i SN i mange år, og hadde ein kort periode i 1988 vore utanriksminister under regjeringa til Leslie Manigat i Haiti.

I februar 2004 vart president Jean-Bertrand Aristide som følgje av eit statskupp avsett som president og send i eksil. Latortue vart utpeika til regjeringssjef for ei overgangsregjering 9. mars, medan han endå budde i USA, og han vart innsett tre dagar seinare. Dei internasjonale intervensjonsstyrkane sette inn eit «vismannsråd» – eit organ som ikkje var heimla i haitisk lovverk – som valde ut Latortue.

Regjeringa hans vart anerkjend av USA, Canada og EU, men nokre andre – Jamaica, St. Kitts og Nevis, Venezuela og Cuba, så vel som Den afrikanske unionen – tok avstand frå dette og erklærte offisielt at dei ikkje anerkjende denne regjeringa. Regjeringa vart også møtt med motstand av det haitiske politiske partiet Fanmi Lavalas.

Dei påfølgjande åra var prega av ei stadig kapitalflukt av utanlandsk kapital og emigrasjon av menneskelege ressursar (særleg frå den økonomiske eliten i landet, som gjennom 184-gruppa hadde støtta kuppet mot Aristide og bidrege sterkt til den nye regjeringa), meir gjengkriminalitet og fleire privatmilitsar (særleg i og rundt Port-au-Prince. Mange av medlemmene i dei væpna gruppene hadde tidlegare vore med i dei væpna styrkane i Haiti (som vart oppløyste av Aristide), eller var frå den kriminelle gategjengen Chimere, som hadde støtta Aristide.

Ei rekkje menneskerettsorganisasjonar har lagt fram dokumentasjon på massakrar som skal ha vore utført av politet sine dødsskvadronar for Latortue-regjeringa. Journalisten Abdias Jean vart drepen av styrkar som var tru mot Latortue-regjeringa. Andre journalistar, som Jean Ristill og Kevin Pina, vart tidvis sette i fengsel. Hundrevis av Lavalas-aktivistar og -politikarar vart ulovleg fengsla, og fleire tusen vart drepne, vart det hevda. Mellom dei som vart politiske fangar på denne tida var Gerard Jean-Juste, Yvon Neptune og Ronald Dauphin.

I 2006 vart Latortue etterfølgd av Jacques-Édouard Alexis. Latortue var seinare leiar for ein valobservatørdelegasjon frå La Francophonie i Togo under parlamentsvala der i 2007.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]