Galatasaray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Galatasaray Spor Kulübü
Galatasaray Sports Club Logo.png
Fullt namn Galatasaray
Grunnlagd 1905
Heimebane Türk Telekom Arena i Istanbul
(Kapasitet: 52 650)
Styreleiar Ünal Aysal
Hovudtrenar Fatih Terim
Liga Süper Lig
Heimedrakt
Bortedrakt

Galatasaray Spor Kulübü er eit tyrkisk idrettslag på den europeiske sida av Istanbul. Idrettslaget er særleg kjend for sine fotballag og basketballag. Galatasaray deltek med utøvarar også i friidrett, handball, hestesport, judo, roing, segling, symjing, vasspolo, volleyball, tennis, samt bridge og rullestol-basketball.

Galatasaray Spor Klubü blei stifta av Ali Sami Yen og studiekameratar på Galatasaray-gymnaset den 17. oktober 1905.

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Galatasaray er det einaste tyrkiske fotballaget som har vunne ei stor europeisk fotballturnering. I 2000 vann klubben UEFA-cupen. Finalemøttet mellom engelske Arsenal og Galatasaray fann stad i København 17. mai 2000. Ingen av laga hadde skåra etter 120 minuttars spel, straffeskytinga enda med 4-1 til det tykiske laget. Noko etterpå vann laget den såkalla Supercupen. Klubben har vunne den tyrkiske seriemeisterskapen 19 gongar, og 14 gongar sigra i den nasjonale cupmeisterskapen.

Sidan januar 2011 har fotballaget spela heimekampane på nybygde Türk Telekom Arena. Fram til dess var Ali Sami Yen med plass til knappe 24&nsbp;000 tilskodarar heimebane til klubben.

Basketball[endre | endre wikiteksten]

Galatasaray sitt basketballag for kvinner vann FIBA Eurocup i 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne idrettsartikkelen som har med Tyrkia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.