Gaupne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gaupne
Gaupne inst i fjorden  Foto: G.Lantig
Gaupne inst i fjorden

Foto: G.Lantig

Plassering
Gaupne (Sogn og Fjordane)
Gaupne
Gaupne
Luster i Sogn og Fjordane
Geografi


Folketal[1] 1 127 (2011)
Folketettleik 717,8 /km²
Areal[1] 1,57 km²
Koordinatar 61°24′29″N 7°17′8″EKoordinatar: 61°24′29″N 7°17′8″E
Annan informasjon
Ferdselsårer Riksvei 55.svg 
Postnummer 6868 GAUPNE
Innbyggjarnemning gopning [2]
Preposisjon i Gaupne

Gaupne er kommunesenteret i Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke. Tettstaden har 1 127 innbyggjarar (2011) og ligg ved utlaupet til Jostedøla, inst i Gaupnefjorden, ein sidearm til Lustrafjorden, som igjen er ein sidearm til Sognefjorden.

Gaupne gamle kyrkje
Foto: kirkenorge.no

Her ligg Gaupne gamle kyrkje og Gaupne kyrkje, samt Luster ungdomsskule og barneskulen Gaupne skule.

Gaupne er òg namnet på eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Det er to kyrkjer i soknet, Gaupne kyrkje frå 1907 og Gaupne gamle kyrkje frå kring 1650. Gamlekyrkja er sidan 1909 i eiga til Fortidsminneforeninga medan Gaupne kyrkje er soknekyrkje. Fram til 1967 høyrde Gaupne sokn til Luster prestegjeld, då vart det overført til Jostedal prestegjeld.[3]

Namnet Gaupne kjem frå gamalnorsk gaupn som tyder 'hol hand, neve'. I fylgje Oluf Rygh si tolking var namnet opphavleg brukt om fjorden. Ei anna tolking er at namnet kom av at bygda ligg i ei senking mellom tre høgder.[4]

Innhaldsliste

[endre] Sjå òg

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelder

[endre] Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2011.
  2. Jørn Sandnes og Ola Stemhaug (red): Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4905-7
  3. «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
  4. Jørn Sandnes og Ola Stemhaug (red): Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4905-7
Spire Denne geografiartikkelen som har med Sogn og Fjordane å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk