Gelendzjik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gelendzjik
Геленджик
Flagget til Gelendzjik Byvåpenet til Gelendzjik
Flagget til Gelendzjik Byvåpenet til Gelendzjik


Plassering
Gelendzjik is located in Russland
Gelendzjik is located in Krasnodar kraj
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Krasnodar kraj
Grunnlagd
Bystatus
1831
1915
Borgarmeister Viktor Khrestin
Geografi
Flatevidd
 - By

123 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

52 633
  427,9 /km²
Koordinatar 44°33′00″N 38°05′00″EKoordinatar: 44°33′00″N 38°05′00″E
Høgd over havet 30 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 353460–353497
Retningsnummer (tlf) (+7)86141
Nettstad: adm.sea.ru

Gelendzjik (russisk Геленджи́к) er ein by i Krasnodar kraj i Russland med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg ved Svartehavet, rundt 90 km sørvest for Krasnodar.

Utsyn mot Gelendzjik

I antikken låg det ein mindre gresk utpost i Gelendzjikbukta, kalla Torikos av Periplus av Pseudo-Scylax. Han er ukjend i hellenistiske kjelder, men dukkar opp igjen i romerske kjelder som Pagrae i 64 f.kr. Ein liten gresk busetnad som er grave ut i Gelendzjik er av enkelte forskarar identifisert som Torikos. Pagrae vart skildra som den austlege grensa til Kongedømet Bosporos. Skildringane om desse busetnadane er så fragmentert at det derimot ikkje er mogeleg å trekke sikre konklusjonar.[1] Kolonien vart utsletta av hunarane under invasjonen deira. I mellomalderen vart bukta nytta av handelsmenn frå Genova, som kalla landsbyen Maurolaca.

Før Russland sikra seg kystlinja ved Adrianopeltraktaten i 1829, gjekk det føre seg ein livleg slavehandel mellom fjellfolka i Kaukasus og Det osmanske riket. Sidan dei tsjerkessiske kvinnene vanlegvis vart seld for gull og andre varer, før dei vart frakta til tyrkiske seraglioar, så vart marknadsplassen kjent som «Gelendzjik» («kvite bruder»). I 1831 vart det bygt eit fort ved Gelendzjik, som ein del av fleire russiske festningsverk langs Svartehavet. Då krimkrigen braut ut måtte fortet øydeleggast og forlatast. Det vart igjen busett av kosakkar i 1864 og vart ein stanitsa kalla Gelendzjikskaja. Han fekk bystatus under namnet Gelendzjik i 1915.

I sovjetperioden vart Gelendzjik utvikla som ein kur- og feriestad. Byen har sandstrender, tre vassparkar, to taubaner og to ortodokse kyrkjer (frå 1909 og 1913).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Онайко Н.А., Архаический Торик. Античный город на северо-востоке Понта. Moscow, 1980.
Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.