Anapa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anapa
Анапа
Flagget til Anapa Byvåpenet til Anapa
Flagget til Anapa Byvåpenet til Anapa


Plassering
Anapa is located in Russland
Anapa is located in Krasnodar kraj
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Krasnodar kraj
Grunnlagd
Bystatus
1781
1846
Borgarmeister Anatoli Pakhomov
Geografi
Flatevidd
 - By

40 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

55 740
  1 393,5 /km²
Koordinatar 44°53′00″N 37°19′00″EKoordinatar: 44°53′00″N 37°19′00″E
Høgd over havet 20 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 353417–353457
Retningsnummer (tlf) (+7)86133
Nettstad: www.anapa-official.ru

Anapa (russisk Ана́па) er ein by i Krasnodar kraj i Russland med om lag 55 000 innbyggjarar (2008). Han ligg ved Svartehavet, rundt 130 km vest for Krasnodar.

Byen er ein ferie- og rekreasjonsstad med mange kurstader og hotell. Saman med Sotsji og fleire andre byar langs den russiske Svartehavskysten har han vorte langt meir populær etter oppløysinga av Sovjetunionen, som etterlet tradisjonelle sovjetiske feriebyar på Krim og i republikken Abkhasia i Georgia på andre sida av grensa.

Området rundt Anapa har vore busett sidan antikken. Han var først ei viktig hamn (Sinda) og seinare hovudstad i Sindica. Kolonien Gorgippia vart bygt på same stad som Sinda på 600-talet f.kr. av grekarar som kalla opp byen etter ein konge av Bosporus. På 200- og 100-talet f.kr. blømde Gorgippia med skipseigarane her frå som kontrollerte sjøtrafikken i den austlege delen av Svartehavet. Gorgippia eksisterte til 300-talet, då han vart herja av nomadiske stammer. Desse stammene gav Anapa det noverande namnet. Byen vart seinare erobra av Det osmanske riket, som bygde ei festning her i 1791. Festninga vart fleire gonger angripe av Russland og vart nesten fullstendig øydelagd under den siste omleiringa i 1829.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.