George Galloway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George Galloway

Statsborgarskap Skottland, Storbritannia, Irland
Fødd 16. august 1954 (69 år)
Dundee
Yrke politikar, spaltist, politisk skribent, radioprogramleiar, programleiar, propagandist
Språk engelsk, britisk-engelsk, irsk engelsk, skotsk-engelsk
Politisk parti Respect, Det britiske arbeidarpartiet, Workers Party of Britain
Nettstad https://www.georgegalloway.com/
George Galloway på Commons

George Galloway (fødd 16. august 1954) er ein britisk sosialistisk politikar kjend for klar tale og venstreradikale synspunkt. Han er no (2005) parlamentsmedlem (MP) frå det nye venstrepartiet Respect for valkrinsen Bethnal Green and Bow i London. Han var tidlegare underhusrepresentant frå Det britiske arbeidarpartiet Labour for valkrinsar i Glasgow, men vart ekskludert frå Labour i 2003 for, mellom anna, å ha oppmoda britiske soldatar til ikkje å adlyda "ulovlege ordrar" i samband med invasjonen av Irak. I 2004 stod han i brodden for skipinga av Respect, som består av krigsmotstandarar og fleire venstregrupper, mellom anna det trotskistiske Socialist Workers Party.

Galloway vart fødd i Dundee i Skottland. Han har hatt ulike jobbar, og frå 1977 har han vore aktiv i politikken. I 1980 vart han leiar for Labour i Skottland, berre 26 år gammal. I 1987 vann Galloway valkrinsen Glasgow Hillhead og vart MP. Ved vala i 1997 og 2001 var han kandidat i krinsen Glasgow Kelvin, og vann stort. I 2005 hadde denne valkrinsen forsvunne som resultat av omlegging av valkrinsane i Skottland, så Galloway valde å stille i Bethnal Green and Bow i staden. I mellomtida hadde han vorte ekskludert frå Labour.

I 2004 erklærte Galloway at han ville arbeide saman med mellom andre det trotskistiske Socialist Workers Party i ein ny organisasjon kalla Respect. I valet til EU-parlamentet dette året stilte han for Respect i London, men kom ikkje inn. Til parlamentsvalet i 2005 stilte han så for Respect i den nemnde valkrinsen, mot sitjande MP frå Labour, Oona King, og vann.

Galloway har ry som venstreradikal og går inn for sosial utjamning, meir offentleg velferd og nasjonalisering av nøkkelindustriar. Han er imot skotsk sjølvstende. Han er praktiserande katolikk, og personleg imot abort, men respekterer Respect sitt standpunkt for sjølvvald abort. Han støttar palestinarane i konflikten med Israel, og er ein sterk motstandar av Tony Blair og at britiske styrkar er til stades av Irak.