Gjetarfuglfamilien
| Gjetarfuglfamilien | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Anseriformes | |
| Familie: | Anhimidae | |
(Foto: Leonardo C. Fleck)
Gjetarfuglar ei ein liten familie av fuglar, Anhimidae. Lenge var dei rekna å vere i slekt med hønsefuglar grunna likhet i nebbet, men dei har verkeleg slektskap til andefamilien, (gjæser, ender og svaner) og kanskje nærast til skjorgås.
Dei tre artane i familien finst berre i Sør-Amerika, frå Venezuela til nordre Argentina. Dette er store klumpete fuglar med lite hovud, lange bein og lange tær som berre dels har symjehud. På vengene finst lange piggar som dei nyttar i stridar om revir og make. Desse kan brekke av i brystet på andre gjetarfuglar, men veks ut igjen. I motsetnad til ender og gjæser har gjetarfuglar partiell myting som gjer at dei er flygedyktige gjennom heile året. Dei lever på opne marker med gras og beitar på vassplantar. Ein art, kragegjetarfugl, vert rekna som eit skadedyr fordi han tar av jordbruksavlingar og konkurrerer med tamfuglar om føda.
Gjetarfuglar legg mellom to og sju egg, med fire eller fem som det typiske. Som hos ender kan ungane springe så fort dei er klekte. Ungane veks opp i eller nær vatn, ettersom dei sym betre enn dei lauper hjelper det dei og til å unngå predatorar. Som ender vert gjetarfuglar prega tidleg i livet. Dette, saman med den enkle dietten, gjer dei eigna som tamfugl. Dei kan fungere som utmerka varslarar med det kraftige skriket dei gjev når dei merkar noko nytt og potensielt trugande.
Både kragegjetarfugl og horngjetarfugl finst spreidde vidt i leveområdet og dei er ganske vanlege artar. Derimot er svarthalsgjetarfugl relativt sjeldan og derfor rekna som nær trua. Gjetarfuglane er lite jakta trass i at dei lett å få auge på. Dette kjem av at kjøttet er svampaktig med dårleg smak. Det største trugsmålet mot desse artane er øydelegging av habitat og intensivering av jordbruket.
[endre] Artar
- Horngjetarfugl, Anhima cornuta
- Kragegjetarfugl, Chauna torquata
- Svarthalsgjetarfugl, Chauna chavaria
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Screamer frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
-
- Todd, Frank S. (1991). Forshaw, Joseph. ed.. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. pp. 87. ISBN 1-85391-186-0.
- Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forenings hjemmesider (publisert 22.5.2008).
[endre] Bakgrunnsstoff
- Carboneras, C. (1992). Family Anhimidae (Screamers). Pp.528-535 in; del Hoyo, J., Elliott, A. & Sargatal, J. eds. Handbook of the Birds of the World, Vol 1, Ostrich to Ducks. Lynx Edicions, Barcelona. ISBN 84-87334-09-1