Skjorgås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjorgås

Status i verda: LC Livskraftig

Skjorgås
Skjorgås

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anseranatidae
Slekt: Anseranas
Art: A. semipalmata
Vitskapleg namn
Anseranas semipalmata
Latham, 1798
Skjorgås
Namn på andre språk
Svensk Skatgås
Dansk Skadegås
Engelsk Magpie Goose
Tysk Spaltfußgans
Fransk Canaroie semipalmée
Spansk Ganso urraca, ganso overo
Russisk Polulaptsjatyj gus (Полулапчатый гусь)

Skjorgås (Anseranas semipalmata) er ein vassfugl som lever i kystnære strøk i nordlege Australia og på savanner i det sørlege Ny-Guinea. Arten er monotypisk i den biologiske familien Anseranatidae, det vil seie einaste medlem i slekta og i familien.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Skjorgjæser er lett kjennelege fuglar med svart og kvit fjørdrakt og gule føter. Føtene har berre dels symjehud mellom tærne, sjølv om gjæsene beitar på vegetabilsk materiale i vatnet som på land. Hannar er større enn hoer. I motsetnad til hos verklege gjæser, så gjer skjorgjæser ei gradvis myting slik at dei ikkje får ein periode utan evne til å flyge. Lyden frå skjorgås er høg tuting.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Denne arten er plassert i den biologiske ordenen Anseriformes, skjorgåsa har det karakteristiske nebbet til andefuglar, men vert åtskild frå andre artar i denne takson. Dei andre familiane i ordenen er Anhimidae (gjetarfuglar) og Anatidae (ender, gjæser og svaner) som inneheld alle dei andre taksa.

Økologi og status[endre | endre wikiteksten]

Skjorgåsa finst i våtlandsbiotop som flaumområde og myrer. Ho er i mykje grad ein standfugl som berre flyttar seg litt i den tørre årstida. Dei er kolonihekkarar og selskapelege utanfor hekkesesongen når dei dannar store og støyande flokkar på opptil nokre få tusen individ. Skjorgåsa hekkar på bakken, eit typisk kull er på 5-14 egg. Somme hannar kan pare seg med to hoer.

I 2009 er denne arten er talrik i utbreiingsområdet. Men det meste av den sørlege bestanden blei utrydda i midten av 1900-talet av overdriven jakt og øydelegging av habitat. Etter det blei det gjennomført prosjekt for å innføre arten og populasjonen har igjen nådd eit nivå kor det kan drivast regelmessig jakt. I delstaten Victoria var skjorgåsa oppført som nær trua på den lokale rådgjevande lista i 2007. For Australia sett under eitt er populasjonen livskraftig og det førekjem kontrollert jakt i sesongen når tala er store.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]